Det opplyser Eidfjord kommune torsdag ettermiddag. Stillinga har tidlegare vore lyst ut og det kom inn 16 søknader. Etter utløp av fristen trekte ein søkjar seg, og rekrutteringsutvalet gjekk vidare med 15 søkjarar.
No har ein kandidat peikt seg ut og det var ein kandidat som var unnateke offentlegheita då søkjarlista vart offentleggjort.
Steigedal er opphavleg frå Svene i Flesberg kommune og er i dag direktør i Vegtilsynet på Voss.
Før dette var han assisterande rådmann i Ullensvang kommune, økonomisjef og rådmann i Ullensvang herad.
Magnus Steigedal er 43 år, busett på Lofthus med kone og barn.
– Alle parti i kommunestyret har vore representert i rekrutteringsprosessen. To tillitsvalde deltok og i heile prosessen med rekruttering av ny rådmann. Alle vesentlege steg har vore forankra i rekrutteringsutvalet, seier ordførar i Eidfjord Anders Vatle (Sp).
Ifølge Eidfjord kommune har kommuneadvokaten bidratt i prosessen med å skaffa rekrutteringsfirma, og i denne konkurransen vart Headvisor AS valt.
Headvisor AS har hatt den direkte oppfølginga av søkjarane i heile prosessen.
– Basert på søknadar, samtalar mellom Headvisor og dei ulike kandidatane valde rekrutteringsutvalet å gjennomføra to intervjurundar med aktuelle kandidatar. Etter desse intervjua, kartleggingstest og utvida referansesjekkar er det eit samla rekrutteringsutval som innstiller Magnus Steigedal som ny rådmann, opplyser Vatle.
Det vert no kalla inn til ekstra kommunestyremøte torsdag 29. september klokka 18:30.
– Det er kommunestyret som tilset rådmann i ein kommune, og det er sendt møteinnkalling til ekstraordinært kommunestyret neste torsdag, opplyser Eidfjord kommune.