Finn Tokvam skriv bok om Lothepus

Leif Einar Lothe er i vinden utan stopp. Pressefoto

Leif Einar Lothe er i vinden utan stopp. Pressefoto

Artikkelen er over 2 år gammel

«Hardhausen frå Odda i Hardanger, med cowboyhatt og røyk i kjeften, er eit fenomen ingen kan vere likegyldig til», skriv forlaget i ei pressemelding.

DEL

Laurdag kveld vitja Leif Einar Lothe Lindmo på NRK1 saman med makker Joar Førde og Hildegunn Wærness.

Tidlegare på dagen sende Samlaget ut pressemelding om den nye Lothepus-boka.

Samlaget lanserer boka om Lothepus i slutten av september. Finn Tokvam er forfattar.

«Går det til helvete, så går det til helvete!»

«La kvinnfolk vere kvinnfolk, og mannfolk vere mannfolk.»

«Det går viss du er tøff nok i trynet. Alt går!»

«Leif-Einar Lothe, betre kjent som Lothepus, sjarmerer og provoserer folk over heile landet. Hardhausen frå Odda i Hardanger, med cowboyhatt og røyk i kjeften, er eit fenomen ingen kan vere likegyldig til», meiner Samlaget.

Over ein million følgde med da Lothepus vann realityserien Farmen kjendis vinteren 2017.

Men kven er han? Eit ekte mannfolk. Ein helt. Ein dinosaur med forkvakla kvinnesyn. Ein snill og hjelpsam mann. Ein som gir fan. Ein tulling. Eit geni? Journalist og forfattar Finn Tokvam skal ha mange samtalar med Lothepus for å finne svar på desse spørsmåla. Resultatet blir ei bok med røverhistorier og private foto frå ein sann eventyrar.

I boka fortel han om den gongen han flykta frå politiet på hesten sin. Lothepus har sjekka damer med dumper fordi han ikkje fekk moped. Han har leigd sjøfly frå reinsjakt på Vidda for å gå på pub i Bergen. Men han har også opplevd alvor og tunge stunder, som tapet av broren i ung alder.

- Lothepus er litt av ein type. Ein fantastisk historieforteljar med eit spannade liv og glimt i augo. Vi gler oss vilt til å gi ut boka om Noregs mest sjarmerande vestlandscowboy, seier Håkon Kolmannskog, forlagssjef i Samlaget.

Artikkeltags