Var den einaste som blei teksta på Farmen - no får han dialektprisen

Lothepus: Får dialektprisen.

Lothepus: Får dialektprisen. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

Norsk Målungdom har kåra Leif Einar Lothe (Lothepus) til vinnar av Dialektprisen for 2018.

DEL

– Leif Einar Lothe nyttar hardingdialekta i alt frå sprengingsoppdrag på bygda til kjendisgalla i byen. At han nyttar dialekta kvar enn han fer, og er tydeleg stolt av ho gjer han til eit godt dialektføredøme for ungdom, seier Fredrik Hope, leiar i Norsk Målungdom i ei pressemelding.

Dialektprisen blir elt ut kvart år av landsstyret i Norsk Målungdom. Tidlegare har mellom andre Linda Eide og Daniel Kvammen fått prisen.

Blei teksta på Farmen

Målungdommen skriv at dialektbruken til Lothepus har vore utfordra. Han var den einaste deltakaren på Farmen kjendis som blei teksta, og dei meiner dette viser at media ofte undervurderer kor godt nordmenn forstår ulike dialekter, og at tradisjonelle dialekter som hardingdialekta kan vera utsett for ein normaliseringsprosess.
– Difor er me desto gladare for at Lothepus held på dialekta i alt han gjer, og den språklege sjølvtilliten hans tener som eit førebilete for ungdom, særleg i distrikta. Han syner at ein både kan koma frå bygda og slå gjennom nasjonalt og framleis halde på dialekta og vere stolt av det, seier Hope.

– For oss i Norsk Målungdom er det dessutan ekstra stas å gje prisen til ein vinnar som nyttar både dialekt og nynorsk, avsluttar leiaren i Norsk Målungdom.

Dei viser også til at Lothepus har ei av dei største facebooksidene som nyttar nynorsk.

Prisen blir overrekt fredag kveld på Det Norske Teatret.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken