Lothepus er «årets kjendis»: – Eg satsar på å verta gløymt

Kjendis: Leif Einar Lothe er nasjonal kjendis, og fekk den gjævaste prisen under Se og Hør sin kjendisgalla på Grand Hotel.

Kjendis: Leif Einar Lothe er nasjonal kjendis, og fekk den gjævaste prisen under Se og Hør sin kjendisgalla på Grand Hotel. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Lothepus vart kåra til «årets kjendis» under Se og Hør sin kjendisgalla, men seier han håpar å verta gløymt.

DEL

– Det er vel flaks, svarar Leif Einar Lothe når HF spør kvifor han vart kåra til «årets kjendis».

Entreprenøren var ukjend for dei fleste då filminga av Fjorden Cowboys starta for nokre år sidan. Merksemda frå media tok for alvor av då Lothe i fjor vann Farmen Kjendis, og søndag vart han altså kåra til «årets kjendis» av Se og Hør.

– Det var ein helsikkens fest. Eit bra opplegg, summerer Lothepus om prisutdelinga som samla dei største kjendisane i Noreg.

Sjølv vert han no kjend att på gata i Oslo, men seier likevel at han ikkje tenker så mykje over kjendistilværet.

– Trur du at du er rikskjendis for livet eller kjem du til å verta gløymt?

– Det er vanskeleg å seie. Eg satsar på å verta gløymt.

Artikkeltags