Lokalt næringsliv er forbanna: – Folk trur det er stengt

Næringsdrivande i Røldal er steik forbanna etter at Statens vegvesen anbefalte bilistar andre ruter over fjellet på grunn av kø. Vegvesenet svarar at dei gjerne går i dialog, men tilbakeviser kritikken om at dei med vilje prøver å favorisera riksveg 7 framfor E134.