No fraktast det massar frå Deildo til Lofthus med lastebil

Anleggsområde: Lastebilar skal fylla massar for å utvida Lofthus sentrum.

Anleggsområde: Lastebilar skal fylla massar for å utvida Lofthus sentrum.

Heradet satsar på å flytta småbåthamna tilbake i oktober-november.

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Ein lekter har levert så mykje massar som han greidde utan gravemaskin til fyllinga. No ligg den på minus 2,4 meter til minus 3,5 meter. Heradet har fått godkjend lastebiltransport, og den transporten kom såvidt i gang sist veke. Det er lagt opp til transport måndag til torsdag.

– Me kan framleis ikkje seia kor mykje massar me får, og heller ikkje når fyllingsarbeidet er ferdig. Det får me ikkje noko godt svar på. Men heradet satsar på å få flytta småbåthamna tilbake i oktober-november, sa rådmann Magnus Steigedal i møte med formannskapet sist veke.

For eit par veker sidan hadde ordførar Solfrid Borge eit formøte med Nasjonal turistveger. Tilbakemeldinga er at dei ikkje har så mykje midlar.

– Men dei ynskjer å bidra til planlegging av sentrum. Dei skal òg laga til ein rasteplass i Djupevik eller Espenes, der går ein namnediskusjon, men det vert ikkje før Deildo-prosjektet er ferdig, noko som er sagt skal skje innan 28. juni i 2018, sa ordføraren.

Elles har fylkeskommunen ifylgje ordføraren sagt dei skal bidra med pengar til Lofthus sentrum. Ho reknar med å ha møte med dei i slutten av september. Steigedal sa ein ligg innanfor budsjettet når det gjeld massetransport.

Artikkeltags