Opnar for sesongen

Skredhaugen: Opnar til helga.foto: Eli lund

Skredhaugen: Opnar til helga.foto: Eli lund

Søndag er det sesongopning for Skredhaugen på Lofthus.

DEL

Torbjørn Dagestad og Ragnhild Opedal Tveit speler når sesongen blir opna på friluftsmuseet Skredhaugen søndag.

Oddmund Hus held også foredrag om kunstsamlar Jon Bleie.

Friluftsmuseet ligg under Hardanger og Voss museum, og museumsdirektør Randi Bårtvedt skriv i ein mail til HF at venelaget er formidabelt flinke til å stå på for dette friluftsmuseet som er stifta av kunstnaren Bernhard Greve.

– Her er kulturhistoriske utstillingar i husa som er innreidd slik dei kunne ha vore, med mange gjenstandar som folk kan gissa kva har vore brukt til, og få orientering om historie frå guidane våre, skriv Bårtvedt.

Etter opninga er det guide på tunet kvar søndag, samt minikonsertar med Jonas Laupsa på hardingfele. Det er og ei rekke arrangement gjennom sommaren, fram til sesongslutt 4. august.

Artikkeltags