Gå til sidens hovedinnhold

Mobiliserer for sjukehuset

Artikkelen er over 4 år gammel

Arbeidsutvalet til LO i Indre Hardanger trommar saman til ei storstila markering på kinotrappa før folkemøtet om Odda sjukehus i neste veke.

Målet er å mobilisera flest mogleg av innbyggarane, både i Odda og nabokommunane til å møta opp ein time før møtet i regi av Helse Fonna i kinosalen torsdag 16. februar.

Arbeidsutvalet går breitt ut på arbeidsplassar, til organisasjonar og reknar med stor oppslutnad.

Dei ivrige sjelene i arbeidsutvalet til LO Indre Hardanger utfordrar både organisasjonar og næringslivet om å slutta seg til.

Hovudparolen er «Akuttkirurgi reddar liv!»

-Det skal bli skikkeleg fyr, både med bålpanner, faklar og med flammande appellar, seier Terje Kollbotn, leiar av arbeidsutvalet til LO.

Arbeidsutvalet i LO har trykt opp 500 plakatar og reknar med det ikkje blir problem å fylla dei i underkant av 500 seta i kinosalen.

Med hovudparolane «Akuttkirurgi reddar liv!» og «Vi brenn for Odda sjukehus», vil arbeidsutvalet gi ei tydeleg melding til leiinga i Helse Fonna og medlemmene i prosjektgruppa som har laga rapporten om sjukehuset som no er på høyring.

- Salen blir alt for liten. I alle fall ut frå dei signala vi har fått, seier Kollbotn.

Vil ha videooverføring

For at alle skal få med seg det som skjer inne på møtet i kinosalen, vert det difor jobba med å få til direkte videooverføring til Odda Ungdomshall.

- Vi må syta for at alle får med seg det som skal skjer inne, seier Kollbotn.

Musikalske innslag blir det òg på kinotrappa. Feiande marsjar mellom anna av Odda Muikklag. Og korte og «flammande» appellar, ifølgje leiaren av arbeidsutvalet i LO.

- Vi veit akuttkirurgi reddar liv, det er ikkje berre ei frase, men ein realitet. Distrikta skal leva og folk skal leva her òg, ikkje berre i dei store byane, seier Dijana Milcevic Saga, nestleiar i arbeidsutvalet til LO Indre Hardanger.

Kommentarer til denne saken