Nasjonal LO-konferanse i Odda

LO-gjengen: F.v.: Leif Hernes, Andreas Jacobsen, Dijana M. Saga, Ingunn Olsen Mossefin, Veronica Tellevik Vaberg og Terje Kollbotn.  Foto: Inga Øygard Jaastad

LO-gjengen: F.v.: Leif Hernes, Andreas Jacobsen, Dijana M. Saga, Ingunn Olsen Mossefin, Veronica Tellevik Vaberg og Terje Kollbotn. Foto: Inga Øygard Jaastad

Neste veke arrangerer LO i Indre Hardanger ein konferanse for lokalorganisasjonane i Norge, i Odda.

DEL

Den nasjonale nettverkskonferansen går over tre dagar, og hovudtema er Korleis styrke dei lokale LO-avdelingane som fellesorgan for den lokale fagrørsla i tillitsvalgtåret 2019?

Ei rekke andre tema står også på dagsorden, når representantar frå heile landet møtest i Odda til veka.

I tillegg til fagleg innhald, skal deltakarane også få med seg mellom anna ei byvandring i Odda, tur med MS Lindenes, og festmiddag i Tysso 1 kraftstasjonen, med innslag frå mellom anna Tyssedalkoret og Lars Ove Seljestad.

Artikkeltags