Skal ha samtale om menn og arbeidsliv

Grytten: Kjem til Odda 7. august.

Grytten: Kjem til Odda 7. august. Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel

Klassekampen kjem til Odda i august, og inviterer til samtale om menn og arbeidsliv.

DEL

Arrangementet vil finna stad i Sentralbadet litteraturhus. Maria Dyrhol Sandvik frå avisa klassekampen fører ordet, når forfattarane Frode Grytten og Jan Kristoffer Dale skal snakka om menn og arbeidsliv saman med fagforeiningsmann og Raudt-politikar Terje Kollbotn.

Frode Grytten gav nyleg ut novellesamlinga «menn som ingen treng», og Jan Kristoffer Dale fekk i 2016 Tarjei Vesaas' debutantpris for novellesamlinga Arbeidsnever.

Les også: Dag Solstad tilbake på symposiet

Les også: No ser det lyst ut

Arrangementet er ein del av avisa Klassekampen sin sommarbåtturné langs norskekysten, i anledning at dei frå hausten opnar eige Vestlandskontor i Bergen.

Dei kjem med båt til kaia i Odda sentrum klokka 16:00 den 7. august, og har mellom anna invitert ordførar og varaordførar til å møta dei.

I ei pressemelding skriv dei at dei har sett av plass i spaltene sine til å skriva om områda dei besøker.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken