Vigdis Hjorth til Odda

Pressefoto

Pressefoto

Artikkelen er over 2 år gammel

Bokhausten 2016 handla mykje om Vigdis Hjorth og hennar siste roman Arv og miljø. Onsdag etter påske kjem ho til Odda for å prata om boka og forfattarskapet.

DEL

– Ho kjem til Sentralbadet litteraturhus i Odda for å møta lesarane og fortelje om bøkene og livet forøvrig, skriv Sentralbadet Litteraturhus i ei pressemelding.

Hjorth fekk Norsk kulturråds debutantpris for den første boka si, Pelle Ragnar i den gule gården, og har sidan fått ei rekkje prisar: kritikarprisen, Cappelenprisen, Brages hedersspris, Gyldendalprisen for forfattarskapen sin og i 2017 fekk ho Kritikarprisen for Arv og miljø, beste skjønnlitterære utgjeving.

Boka fekk strålande kritikk, og sparka i gang ein ny debatt om virkelighetslitteratur som raste i spaltene gjennom hausten og vinteren.

Artikkeltags