Ny litteraturpris skal delast ut i Odda

I Oddasmio: Lars Ove Seljestad under JERNROSA Politiske Litteraturfestival i 2016.

I Oddasmio: Lars Ove Seljestad under JERNROSA Politiske Litteraturfestival i 2016.

LO vil fremma norsk arbeidarlitteratur, og vil frå neste år dela ut ein eigen pris på 100.000 kroner under JERNROSA Politiske Litteraturfestival i Odda.

DEL

Det skriv FriFagbevegelse.

Prisen skal løfta fram og heva statusen til arbeidarlitteraturen. I første omgang skal prisen delast ut i 2020 og i 2022. Deretter vil det bli gjort ei evaluering.

Julie Lødrup, førstesekretær i LO og leiar av LO Kultur seier til FriFagbevegelse at nordmenn les mykje, men at litteraturen er dominert av middelklassen sine problem og interessefelt.

- LO vil at litteraturen skal bli rikare enn som så. Då må vi også stimulera til at det skapast litteratur som også vanlege folk kjenner seg att i, seier ho.

Stiftar og leiar av JERNROSA Politiske Litteraturfestival, Lars Ove Seljestad, seier til avisa at han er svært glad for at LO etablerer denne prisen, og at det er ei ære at den blir delt ut på festivalen.

– Eg håpar og trur at samarbeidet mellom LO sin litteraturpris og JERNROSA Politiske Litteraturfestival vil gi eit solid løft for nyskriven norsk arbeidarlitteratur, og bidra til å fornya og aktualisera denne viktige delen av skjønnlitteraturen, skriv han i ein e-post til FriFagbevegelse.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken