Tek born på poesi-tur

DEL

Bok

Bokomtale

av Mette Bleken

Ruth Lillegraven: Skogen den grøne

Samlaget

Ruth Lillegraven skriv for både vaksne og born. No er det dei yngste som får nok ei samling kjenslevare og undrande dikt som opnar for merksemd og innhaldsrike turar i skogen.

Lillegraven har skrive seg inn i toppsjiktet av norske forfattarar – og har etter kvart fått oppdrag på andre arenaer, både som dramatikar og salong-diktar i P2. Ho har ein særeigen måte å sjå og skriva ting på – som får lesarane til å sjå ting på nye måtar: «(...) og sjå!/gule lauv ligg og /lyser på bakken/det er gullmyntar som hausten har strøydd ut».

Lillegraven diktar oss ei ny verd i skogen den grøne. Skogsturane frametter vert garantert noko anna enn dei har vore til no, for fleire enn meg.

Istappane som heng i mosegrodd berg; er dei bjørnetenner som smeltar vekk drope for drope? Geviret som kan hende «såg stormen kome/bestemte seg for/hoppa av», eller «skodda som huldrepust» er lillegravenske bilete.

Samlinga er illustrert av Mari Kanstad Johnsen, prislønt og kritikarrost illustratør og forfattar. Bileta hennar inneheld fleire element du kan dikta vidare med.

Lillegraven inviterer til å gå inn i «det grøne og hemmelege» som ligg der. Og som ventar. Ta ein littera-tur i skogen. Med Ruth og Mari. Og på eiga hand.

Artikkeltags