Kjærleik og poesi

KREATIVE ILDSJELER. Det er mange som er med i planlegginga av Litteratursymposiet. Bodil Skjerven, Elisabeth W. Hauge, Else Marie Sandal, Nina Kongtorp, Kåre Langlet, Stein Egil Legård og Olaug Nilssen.

KREATIVE ILDSJELER. Det er mange som er med i planlegginga av Litteratursymposiet. Bodil Skjerven, Elisabeth W. Hauge, Else Marie Sandal, Nina Kongtorp, Kåre Langlet, Stein Egil Legård og Olaug Nilssen. Foto:

Av
Artikkelen er over 12 år gammel

Ragnar Hovland som spelar Leonard Cohen-låtar på ukulele, etisk fotballfilosofi, Vigdis Hjort og ny novellelansering frå Frode Grytten, er berre noko som skjer på Litteratursymposiet 9. - 14. oktober.

DEL

Det er berre ein knapp månad att før vi igjen kan få gleda av å møta kremen av forfattarar som kjem til Odda for å lesa, diskutera og gje oss inspirasjon i kvardagen.

Men litteratursymposiet er ikkje berre forfattarar. Litteratursymposiegjengen har lagt opp til ei allsidig, god og kvalitetsprega kulturhelg.

Postmoderne kjærleik

Etter fjorårets tunge politiske tema, satsar litteratursymposiet i år på det kanskje lettare temaet kjærleik. Det passar bra etter som Frode Grytten si nye novellesamling «Rom ved havet, rom i byen» som straks er publiseringsklar, vert marknadsført som ein ekskursjon inn i kjærleiken.

- Kva plass har kjærleiken? Kan ein lenger tru på kjærleiken?, er aktuelle spørsmål i dag. Temaet for litteraturhelga omfattar alle typar for kjærleik, også homofil kjærleik og kjærleikens kår i eit postmoderne samfunn, seier Else Marie Sandal.

Kjærleikens kår er også temaet for den store litterære paneldebatten i Lindehuset laurdagen. Den skal Hilde Sandvik, debatt- og kronikkredaktør i Bergens Tidende, leia.

Sterkt forfattarlag

Litteratursymposiet har satsa på å få gode, aktuelle forfattarar til Odda for å lesa opp og diskutera ny og gamal litteratur.

Gjengangarane har vore Kjartan Fløgstad, Ragnar Hovland, Frode Grytten og Marit Eikemo. Dei kjem også i år, men dei er berre nokre av dei forfattarane litteratursymposiet byr på i år.

Vigdis Hjort er årets trekkplaster. Ho kom i vinter ut med boka «Hjulskift» som tar for seg ei annleis klassereise der ein vellukka kvinneleg litteraturprofessor kjem saman med bilseljaren som knapt har lest ei bok. Hjort vil mellom anna lesa frå boka si under eit lunsjbesøk på TTI. Symposiegjengen er sikre på at det vil slå an.

Dei populære barnebokforfattarane Maria Parr og Arne Svingen kjem også. Svingen er nærast fast repertoar og opplever popstjernestatus blant skuleborna og Parr si bok «Vaffelhjarte. Lena og eg i Knert-Mathilde» vart mellom anna nominert til Brageprisen.

I tillegg kan symposiet skilte med lyrikarane Ruth Lillegraven og Nils-Øivind Haagensen.

- På grunn av ein hektisk lansering, har dessverre Anne B. Ragde ikkje moglegheit for å komma til Odda, fortel, seier Nina Kongtorp og legg til:

- Laget er like sterkt. Trude Marstein kjem inn som ein god erstattar.

Ikkje berre forfattarar

- Vi er veldig glade for å få Kari Hesthamar heim, seier Else Marie Sandal.

Hesthamar har tidlegare vunne prestisjetunge internasjonale prisar for radioprogramma sine. Med seg til Odda har ho utdrag frå samtalar med Leonard Cohen og hans norske «muse» Marianne Ihlen. Dette blir høgdepunktet torsdagen.

- Ulike lyrikarar vil lesa oversettingar av tekstane til Leonard Cohen, Pedro Carmona-Alvarez vil spele gitar og Ragnar Hovland vil spele Cohen-songar på ukulele, seier forfattar Olaug Nilssen som i år stillar i litteratursymposiet som ny medarrangør, og ikkje gjest.

Det er også lagt opp til fleire jazzkonsertar gjennom helga. Eit jazzband ispedd litt blues og latinsk vil underhalda fredagen medan Kåre Virud spelar jazz på Hardanger hotell laurdagen.

Monovinylhorn som består av eitt horn, to arkitektar og ein forfattar skal spele på eit Klangfilm-horn frå Odda kino samt plater frå samlinga på Odda bibliotek i kinosalen laurdagen. Det er Per Morten Ekerhovd og Lars Tørresen som står bak dette prosjektet.

Litteratursymposiet har også i år satsa på høg kvalitet og stor breidde. Dei har som målsetting å nå flest mogeleg målgrupper, frå førskulebarn til industriarbeidarar. Det er berre å sjå fram til den gode kvalitetshelga i oktober.

Artikkeltags