SKALD si allsidige haustliste er klar

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Nett idet hausten melder seg, slepp SKALD forlag haustlista 2018. Lesarane kan gle seg.

DEL

Sett frå eit lokalt perspektiv er Eva Røyrane og Oddleiv Apneseth sitt nye storverk, Klyngetunet, med arbeidstittel Den norske landsbyen, ei bok me gler oss til. Den kjem etter planen i sal 20. september.

Etter det me forstår, er Agatunet vigd eit romsleg kapittel. Forfattar og fotograf har vitja over tretti klyngetun frå Agder til Troms – og skildrar både notid og fortid. Ifylgje forlaget er boka «ein augneopnar for ein tradisjon som inspirerer stadig fleire nordmenn».

Les òg: Har laga bok om eventyrar som sykla over Folgefonna 

Oddvar Torsheim kjem med Ulyzes, i sjangeren kunst/humor, der hans «ville samansurium av tankar og idear» vert spelt ut. Dette er ein av to bøker som kjem i samband med Torsheim sin 80-årsdag i november.

Lars Elton har oppsummert Torsheim sitt liv og virke, med hovudvekt på kunsten – i kunstnarbiografien om den særmerkte, samfunnsengasjerte mannlege feministen med den unike streken.

Matbloggar Anita Stokke Blomvik kjem med boka Kvardagsmat, mynta spesielt på travle foreldre.

Ragnar Hovland har nyomsett Emily Brönte si dystre kjærleikshistorie frå den nord-engelske landsbygda; Stormfulle høgder, ein av dei mest lesne engelske klassikarane. Ho reknast som eit dei største verka i verdslitteraturen. Hovland si omsetting går inn i SKALD si klassikarserie – «vellagra og handplukka verk i ny frisk og nynorsk språkdrakt (som) skal gi leseglede til folket».

Oselvaren får si historie i Hans Kristian Bukholm sitt verk om «en vestlandsk kysttradisjon» som er «på kanten av glemselen». Fotografen har dokumentert tradisjonen rundt oselvarbåten, Norges nasjonalbåt, i meir enn femti år. Her deler han unike bilde- og opptaksmateriale.

I samband med prosjekt Leser søker bok, har Gro Røsth skrive romanen med arbeidstittel Spelemannen frå Korsneset. Det er ein lettlesroman mynta på ei eldre målgruppe, men kan sjølvsagt lesast av alle. Historia utspelar seg i byrjinga av det tjuande hundreåret og er basert på livet til spelemannen Karl Gustav Korsnes (over 200 av slåttene hans er arkiverte), som vaks opp på ein karrig gard - og som måtte prioritera mellom draumar, planar, mogleigheiter - og pliktkjensle.

Artikkeltags