Gå til sidens hovedinnhold

Lillegraven Falturiltus festivalforfattar

Ruth Lillegraven er årets festivalforfattar under Falturiltu på Stord i november.

Primus motor Roald Kaldestad er glad Lillegraven har takka ja til å vera festivalforfattar i år.

Falturiltu er verdas største nynorske barnebokfestival, og den går føre seg på Stord i november kvart år.

I år er dagane 6.-12. i årets nest siste månad sett av til festivalen.

I pressemeldinga som er sendt ut i høve lansering av festivalforfattar får me òg opplyst at den Bærum-busette gravensaren Lillegraven allereie kan treffast 27. mars i Voss kulturhus. Då har Vossa Jazz og Falturiltu eit felles program, der Lillegraven er saman med musikar, komponist og tekstforfattar Annlaug Børsheim. Børsheimn har tonesette mange av Lillegraven sine dikt for barn.

Ruth Lillegraven debuterte som forfattar i 2005, og har sidan skrive ei rekkje bøker både for barn og vaksne.

For den første diktsamlinga si for barn, Eg er eg er eg er (2016), blei ho nominert til både Brageprisen og Kritikarprisen, og to år seinare kom barnediktsamlinga Skogen den grøne. I tillegg har ho skrive småbarnsserien om Mari og Magnus, og den ferske serien om Klodeklubben - spenningsbøker om miljø og klima.

Kommentarer til denne saken