Me treng levande bygder. Skal ein få dette til må ein jobbe for arbeidsplassar og sysselsetjing i bygdene vår.

Bygda skal leva heile året og ikkje berre når feriefolk og turistar kjem innom.

Me må støtte dei lokale som vil busetje seg og arbeide her.

Me lever ikkje av luft og fin utsikt. Det må vera attraktivt for ungdomen å koma attende. De som no er i mot utvikling i Herand og tru at turistane ikkje vil vitja oss på grunn av at ein skal utvide den største arbeidsplassen i bygda bør tenkja dykk om.

Eg trur turistane vil kome, me har både fjell, turstiar og fjøre som dei vil bruke. Me som er på besøk kan ikkje overta styringa. Det er dei som bur her som kjenner kor skoen trykkjer og det lyt me akseptera.

Det er lov å ha meiningar og ytre dei, men i staden for berre sjå det negative burde ein heller samarbeide og gjer det beste for Herandsbygda.