Meldinga om at ein mann i 50-åra var sakna kom inn til politiet rundt klokka 08.30 måndag morgon.
- Mannen skal vere sakna frå nordsida av Hardangerbrua, ved Djønno, seier Ingvild Bergsbakken ved Hardanger lensmannskontor.
Djønno var tidlegare del av Ullensvang herad, men er no ein del av Voss herad, og Indre Hordaland politidistrikt.
- Me sende ein patrulje ut, og det vart sendt fleire patruljar frå Voss, opplyser Bergsbakken vidare.
Det har sidan måndag vore gjort søk med båt og med drone og langs strandlinja.
Politiet skreiv på Twitter i går at observasjonar frå søndag etter klokka 21 er ønskeleg. Dei ber folk som har opplysningar om å melde dei til politiet på telefon 02800.
- Han er truleg iført mørke klede, skreiv politiet på Twitter måndag.
- Det er ikkje gjort noko funn. Søket heldt fram heile dagen i går, og ein søker framleis i dag, sa Bergsbakken tysdag morgon.
Det vart gjort strandsøk tysdag.
Politiet i Hardanger opplyser onsdag morgon at mannen ikkje er funnen, og at det vert gjennomført søk med ROV utover dagen.