Meiningar Dette er eit debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribenten sine haldningar.
Hardanger Folkeblad skriv 6. desember: «Det var avliva sau med stadfesta skrapesjuke i Ullensvang, og desse hadde vore i kontakt med sau som beitte i statsallmenningen».
Det som skjedde var at vereringen på Espe kjøpte ein indeksver frå vereringen i Fusa, og brukte den same hausten.
Vêren vart slept på inngjerda beite våren etter at sauene var sendt til fjells, og daua på beite før sauene kom heim att. Det vart teke prøve litt seint av vêren, og den var positiv for skrapi.
Denne vêren har ikkje beita på Hardangervidda, og det har heller ikkje vore andre skrapismitta sauer i Ullensvang.
Dersom det er skrapismitte på Hardangervidda som har ført til skrantesjuka på reinen, slik som Tom Hemming Karlsen skriv om i Nationen, så er smitten frå leigesau i Rogaland. Der var det mange besetningar med skrapi, og endå fleire kontaktbesetningar som hadde vore i nærkontakt med skrapibuskapar. Det var mange kontaktbuskapar som beita fleire stader på Hardangervidda.
Det var ikkje berre eventuell skrapesmitte som leigesauen har kome med på Hardangervidda. På 50-talet kom det suffolksau til Rogaland frå Storbritannia ulovleg med fiskebåtar. Det var ingen problem med sauerasen, men nissen på lasset var innvolssnyltarar som nematodirus battus. Det har gjort stor skade i norsk sauehald.
I 1980 var det vel at Kinso grunneigarlag skulle leiga bort fjellbeite til Rogalandssau. Eg var då kjend med at det var funne N. battus i Rogaland. Då me sanka sau i fjellet, samla eg på sankehegna avføring frå lamma. Eg sende prøven til veterinærinstituttet i Bergen, og bad dei leita etter N. battus-egg. Svaret var lite snyltaregg, og ingen N. battus-egg.
Etter to år med leigesauer som kom inn i vårt beiteområde, samla eg avføring som sist, og sende inn. Svaret var lite snyltaregg, men det var N. battus-egg.
I 2014 og 2015 då veterinærinstituttet felte kalvar, og registrerte kondisjonen med meir, fann dei litt egg av N. battus i avføringa. Det er seinare funne levedyktige egg av N. battus i andre villreinområde. Har denne snyltaren hoppa rett over på reinen, eller har den på 40–50 år klart å tilpassa seg reinen sin levemåte? Dette, og om N. battus er like skadeleg for reinskalvane som for lamma, får forskarane finna ut av.
Eg har snakka med personar som har sett reinskalvar i slutten av juni som har vore skitne bak. Det er lett å tru at dette er N. battus-smitte. N. battus er spesiell fordi egga må gjennomgå ein kuldeperiode før dei kan klekkja. Det vil seia at dei må overvintra ute.
Klekkinga skjer synkront når døgntemperaturen kjem over 10 grader om våren. Dette fører til at mesteparten av egga som vart utskilt året før, klekkjer omtrent samtidig, og larvene kryp opp på dei nye grøne spirene som lamma et. Det kan føra til kraftige infeksjonar med N. battus. Lamma får nedsett matlyst, og mørk diaré som i alvorlege tilfelle kan føra til at dei dauar.