Leif og Turid får ny adresse - no må rådmannen vurdera fleire

Det politiske fleirtalet følgde ikkje rådmannen då spørsmålet om tildeling av adresseparsellar i Ullensvang kommune var oppe torsdag. Frå administrasjonen vart det åtvara mot eit ras av nye søknadar frå innbyggjarar som ønskjer gardsnamnet som si adresse.