«Legeforeininga er i “blå-resept-streik” – og rådar legane til å begrensa forskrivinga av medisinar på blå resept til eit minimum. Dette vil og ramma innbyggjarar med fastlege i Ullensvang kommune», heiter det i ei pressemelding frå ordførar Roald Aga Haug onsdag kveld.

Han viser til at Den Norske Legeforening i Ullensvang kommune tek del i «blå-resept-streik». Bakgrunnen er at legar frå 1. januar risikerer å verta personleg bøtelagde dersom dei skriv ut medisin på blå resept i strid med regelverket.

«Straffegebyr er uakseptabelt. Legeforeningen reagerer derfor kraftig på innføringen», melder foreininga på sine heimesider.

Dei krev at gebyrordninga vert oppheva, og at saka må attende til Stortinget.

Ordføraren opplyser at striden får konsekvensar for pasientane, som må få med seg journalnotat frå legen.

«Pasientane må kjøpa medisinane på apoteket og spørja kor mykje ekstra dei må betala når dei ikkje har blåresept – det er dette beløpet ein då skal krevje å få tilbakebetalt frå Helfo. Ta vare på kvitteringa», oppmodar Haug.

Vidare må pasienten må sjølv fylla ut skjema, og senda det saman med kvitteringa til Helfo.