Larsgard held fram i Jondal

Ordførar: Jon Larsgard er ordførar i fire nye år. Arkivfoto

Ordførar: Jon Larsgard er ordførar i fire nye år. Arkivfoto

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

Torsdag vart det klart at Jon Larsgard (Sp) held fram som ordførar i Jondal.

DEL

I forhandlingar etter valet er det inngått ein intensjonsavtale mellom Sp og KrF i Jondal. Jon Larsgard (Sp) held fram som ordførar og Reidun Haugen Dalseth (KrF) vert varaordførar for den komande valbolken.

I tillegg vert KrF sikra representasjon i alle politiske utval. Sp har 8 og KrF har 2 av i alt 17 kommunestyremedlemer.

– Når eg stilte meg til disposisjon som ordførar, så er det kjekt at det vart resultatet. Dette er ein konstellasjon som eg meiner lovar bra for god politikk og samarbeid i Jondal, seier Larsgard, og utdjupar at det er mange likskapar mellom dei to partia, som og har samarbeidd tidlegare.

Dalseth seier at hovudgrunnen til at KrF valde å stille seg saman med Senterpartiet, var den store oppslutnaden (45,3 prosent) Sp fekk ved valet. Ho ønsker no eit breitt og godt samarbeidsklima i kommunen.