- Når oddingane går saman, når VI går saman, kan vi flytta fjell.

Lars Ove Seljestad held tale i Hovden på nasjonaldagen.

Lars Ove Seljestad held tale i Hovden på nasjonaldagen. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Her er Lars Ove Seljestad sin tale frå nasjonaldagen.

DEL

Her er Lars Ove Seljestad sin tale frå nasjonaldagen:Kjære Landsmenn

Kjære Landskvinner

Kjære Vestlendingar

Kjære Hardingar

Kjære Oddingar

Og vi må ikkje gløyma dei vi vaks opp med i Eidesdalen og på Nyland ein gong for lenge sidan, tilbake i det som borna mine kallar for «gamle dagar», og som eg trur dei tenker på som steinalderen eller noe. Altså tilbake i den tida der ordet pese framleis betydde å pusta tungt og enno ikkje var blitt eit gjengs uttrykk for ei personleg datamaskin.

Eg tippar at dåkke alt e begynt å skjønna kor eg har tenkt meg hen i denne talen, og at det ikkje blir ein klassisk 17.mai-tale om fedrene på Eidsvoll, 400-årsnatta, kampen mot danskeveldet, unionsstriden med svensken og «alt hva fedrene har kjempet/mødrene har grætt».

For det var det 17. mai-taler handla om i min barndom. Då kom radiokåsøren og rikskjendisen Ivar Eskeland inn frå Stord til Odda kver einaste 17.mai for å holda verdens beste, morsomste og kunnskapsrikaste 17.mai-tale om Norge og fridomskampen som forfedrane våre hadde kjempa for å fri oss frå danskevelde og frå svensk-norsk sildesalat.

Men før eg begynner å snakka om det eg verkeleg har tenkt å snakka om, har eg lyst til å retta ein stor takk til Odda Fotballklubb, som har vist meg den store tilliten å invitera meg til Odda og Hovden for å holda årets 17.mai-tale. Det er ei stor ære for meg å få dette oppdraget. Og eg er både rørt og stolt over at Odda Fotballklubb, som eg aldri har vore medlem av, ville invitera meg, ein lesehest og arbeidargutt frå Eidesdalen, som ville gjort større nytte som cornerflagg enn som keeper, sweeper eller midtstoppar, til å stå i Hovden på sjølvaste 17. mai og holda dagens hovudtale.

Og bare for å gjøra meg ferdig med skryt og smiger, så la det vera heilt klart: For ein odding finst det inga større ære enn å bli kalla heim til  hovudstaden i Hardanger for å halda 17. mai-tale. Å stå her i Hovden og sjå ut over flokken av bunadskledde, festkledde oddingar som fyller landets aller finaste naturlege amfi og festplass, å løfta blikket og la det gli oppover den grøne lia til den kjem til bratt, grått berg og den mektige Rossnos, Oddas høgaste fjelltopp, som ruvar majestetisk, med kvite snøstriper i gråskjegget, over Odda-byen og folket som bur her, det er så vakkert og sterkt at det er til å grina av. Men no er jo eg ein voksen mann fra Odda, ein son av Smelteverket og Skorsteinsindustrien. Eg grine ikkje offentleg. Eg grine ikkje mens folk ser på. Men det betyr ikkje at eg ikkje er bevega. For det er eg.

Tusen takk, Odda Fotballklubb!

Tusen takk, Odda!

Eg har tenkt å holda ein tale om samhold og fellesskap, om betydninga av å stå saman og kjempa for ei felles sak. For det har oddingane tradisjonelt vore gode på. Og eg tenker at tida er inne for å minna kvarandre på dette i dag. Difor har eg lyst til å seia noe om fjorårets store sak: Sjukehussaka. For i Sjukehussaka var oddingane einige. Der var vi alle på lag, både innflytta, utflytta og fastbuande oddingar.

Sjølv så las eg kampdikt frå Folkets hus sin talarstol på den store markeringa på Rådhusplassen i Odda i februar 2017. Seinare las eg kampdikt frå Folkets hus sin talarstol på Lindeplassen (eller PORTEN, som det eigentleg heiter, bare spør gamle smelteverksarbeidarar) på den store 1.mai-demonstrasjonen i Odda. Den største 1.mai-demonstrasjonen Odda har sett i heile si historie.

Dette tok Joar Førde opp i sin tale på nasjonaldagen: - Eg trudde de hadde spurt Lothepus, men eg trur ikkje at salet av rømmegraut her held til honoraret hans

Gamle folk hevdar at ikkje ein gong 17. mai-toget i 1945 var større og meir mektig enn demonstrasjonstoget 1.mai 2017. Og seinare, same månaden, stod eg igjen på Folkets hus sin talarstol på Eidvolds plass framfor Stortinget i Oslo og las kampdikt til støtte for Odda Sjukehus. Og eg var stolt og glad for å kunna bidra. Og ikkje minst – for at kampdiktet mitt blei brukt i oddingane sin kamp for lokalsjukehuset. Og for at refrenget i diktet mitt:

VI GIR OSS ALDRI

VI BRENN

blei eit mantra og eit slagord for sjukehusaksjonen 2017. Det trur eg e det største eg har opplevd som ODDA-forfattar. I sjukehusaksjonen var vi alle oddingar. Og vi stod saman. Som ein mann. Sjukehusaksjonen var Odda på sitt beste. Då handla vi, som Vladimir Iljitsj Uljanov ville ha sagt det, som

« EIN knytta neve.

Og ikkje som 5 sprikande fingrar».

Det er så mye kraft i dette samfunnet. Det er så mye energi i dette samfunnet. Det er så mye vilje og temperament i dette samfunnet. Det er så mye talent i dette samfunnet.

Når oddingane går saman, når VI går saman, kan vi flytta fjell. Det har Odda gjort før. Det har VI gjort før. Det kan vi, og må vi gjøra igjen.

Når ODDA er einig med seg sjølv, er ODDA på sitt sterkaste og vakraste. Då er vi uovervinnelege.

I Henrik Ibsen si bok «En Folkefiende», kan vi lesa setningar som at:

«Den er sterkest den som står alene».

Eg seier det rett ut:

«Ibsen var ein stor diktar og dramatikar, men det han skriv her, er noe fordømt borgarlig sprøyt.»

Eg vil snu det på hovudet og hevda at:

«Den er svakast den som står aleine». Småfolks og  arbeidsfolks styrke har alltid lagt i organisering, i å stå saman. Å kjempa saman for eit felles mål. For å få til det må vi kompromissa og komma fram til omforeinte løysingar. Det er den einaste vegen. Odda’s styrke har lagt, og ligg, i evnen til å finna fram til kompromiss og omforeinte løysingar som ein kan arbeida saman for.

Det same gjeld for landet vårt. Norges styrke som nasjon og samfunn har vore, og må fortsatt vera:

gjensidig tillit, folkeopplysning, faktabaserte demokratiske debattar med respekt for ulike synspunkt og meiningsmotstandarar. Evnen til å forhandla fram omforeinte, langsiktige politiske løysingar til beste for dei fleste har vore det norske adelsmerket. Og er det som har gjort samfunnet vårt rikt, sterkt og godt.

Dette er dei aller viktigaste grunnane til at Norge er blitt eit relativt godt samfunn å leva i (for mange, ikkje for alle, men for dei fleste). Eg seier ikkje at Norge er perfekt, men det må vera ein grunn til at FN gang på gang kårar Norge til det beste landet i verda å bu i, eller at globale undersøkingar viser at nordmenn er blant dei lykkelegaste menneska i verda.

Ein skulle ikkje tru det når ein les norske aviser, høyrer politiske debattar, ser Dagsrevyen på TV eller deltar i høglytte kranglar på Facebook. I desse fora skulle ein tru at alt er galt med Norge, at vi, som folk og nasjon, ikkje har lykkast med noe som helst, at vi er totalt mislykka som samfunn og at vi raskast mulig må ta grep for å bli mest mulig lik dei andre nasjonane i verda.  

Som om dei er meir vellykka.

Som om dei er betre samfunn enn oss.

Det er ikkje til å forstå. Landet som ligg fremst på alle velferdskåringar og lykkekåringar for den allmenne befolkninga. Landet som har næringslivet med den høgste produktiviteten i verda per innbyggar, og dei mest fleksible, høgast utdanna og mest omstillingsdyktige innbyggarane og bedriftene, blir igjen og igjen framstilt som udugeleg, lat og mislykka. Det er som om landet Norge, blir iscenesatt som ein slag kollektiv NAV-ar, der alle innbyggarane slangar seg i velferdsstatens gyldne hengekøyer og stikk sugerøret sitt ned i statskassa og syg den tom for all framtid, utan tanke på framtidige generasjonar. Eit slaraffenland der alle ligg på rygg og ingen gidd å løfta ein finger.

Men dette er jo ikkje sant!

Dette er jo blank løgn!

Men kvifor er det, likevel, slik at det beste og mest produktive landet i verda igjen og igjen blir framstilt som drit, som overmoden nedfallsfrukt, som ein overvektig, bortskjemt kjempebaby, der alt overflødig flesk må skjerast vekk, trimmast bort, effektiviserast og slankast?

Det er fordi det tener bestemte interesser å presentera landet vårt som drit, som gammaldags, slapt og overmodent for det dei kallar «modernisering».

Dette er ideologi, seier eg.

Dette er ideologisk skrapgods tenkt fram i neoliberale tenketankar i USA på 1980-talet. Dette er neoliberale påstandar som skal tena til å rydda vegen for ein ny økonomisk verdensorden, ein ny økonomisk politikk der dei få skal få meir  på bekostning av dei mange. Altså ein politikk for auka forskjellar.

Spørsmålet ein må stilla seg er:

Kven tener på denne politikken?

Svaret er enkelt:

Dei rikaste. Den globale eliten som ikkje lenger er bunden av lojalitet til lokalsamfunn og nasjonalstat og som surfar jorda rundt på jakt etter profitt der den til ei kvar tid er størst, og som, lik ein diger grashoppesverm, et alt snautt før den flyg utolmodig svolten vidare mot nye beitemarker.

Kven taper på denne politikken?

Dei fattigaste. Dei stadbundne. Dei som ikkje støtt kan reisa dit inntektsmuligheitene til ei kvar tid er størst. Dei som ikkje har råd til å kjøpa seg ut av livsproblem og helseproblem. Dei som er avhengige av fellesskapsløysingar og velferdsstatsløysingar.

Du og eg.

Kva er neoliberalismens svar?

Kutt trygdeytelsane for å motivera dei sjuke og arbeidslause til å stå opp om morgonen og komma seg på jobb.

I eit neoliberalt foregangsland som Storbritannia har dette ført til at den raskast voksande stillingskategorien i London dag er yrket TENAR.

Akkurat!

Der har du framtida for norsk ufaglært arbeidskraft, og nye innvandrarar. Som underbetalte, makteslause tenarar i heimane til dei rike og mektige. 

Akkurat slik det var før:

Upstairs/Downstairs, Herskap og Tjenere, Herre og Træl.

I ODDA for 110 år sidan stod arbeidsfolk med lua i handa og venta på, lengta etter, håpa på arbeid på Odda Smelteverk, eller Alby United Carbide Factories som fabrikken heitte den gongen.

«Det er nok av folk i porten», var svaret til formannen eller ingeniøren om noen klaga på at arbeidsoppgåvene var for tunge, for vanskelege eller for dårleg betalt.     

Fattigfolk og arbeidsfolk visste godt kva «Det er nok av folk i porten» betydde. Det betydde at om dei ikkje heldt kjeft og gjorde det dei blei sett til, utan å mukka, på den måten bedriften ønska det og til den løna bedriften bestemte, så kunna dei huta seg til helvete vekk. I porten stod det nok av kua fattige, svoltne og arbeidsvillige med lua i hånda og håpa på ein tjangs til å overta jobben til den som blei sett på porten.

Tippoldebesten min, Halvard Seljestad, var blant dei som stod i porten og venta og håpa. Akkurat slik han tidlegare hadde stått utanfor Hardanger Hotell og venta og håpa på kjørejobb  for dei rike og fine frå England og Tyskland som ville fraktast opp til Låtefoss eller til Buar-dalen for å beundra den ville og vakre naturen vår. Akkurat slik han før det igjen hadde stått på husmannsplassen på Seljestad og håpa på vegarbeid i Seljestadjuvet eller ei dagsløn som jordbruksarbeidar for bøndene i Odda-dalen eller ute i fjorden.

Les og: Lars Ove Seljestad fryktar at tida med «Nok av folk i porten» er på veg tilbake

Oldefar min, Lars, som eg er kalla opp etter, drog «over dammen» for å søka lykka i «Junaiten». Den 16. mars 1906 steig han i land på Ellis Island, New York frå skipet «Majestic» av Liverpool med 40 norske kroner i lomma og ei adresse til ein ven i IOWA. Det er lite som tydar på at han fekk realisert sin «American dream» for få år seinare var han tilbake i Odda og begynte på Cyanamiden saman med far sin.

Besten min, Harald, fekk seg også arbeid på Cyanamiden. Og kom til å arbeida der til han døde som 59-åring i 1969.

Far min, Arne, begynte på Odda Smelteverk i 1956, og arbeidde i Smelthuset og på Kalkomnen til han blei førtidspensjonert i 1995. Han blei 65 år.

Far min og besten min var barn av industrisamfunnet og overbeviste fagforeningsmenn. For far var Avdeling 5. av Norsk kjemisk industriarbeiderforbund nr 1., Odda Smelteverk nr 2., Kone og ungar nr 3.

Den prioriteringa var innlevd, sjølvsagt og udiskutabel. Fagforeininga stod over alt. Utan fagforeininga ville arbeidsfolk framleis vore fattigfolk og stått med lua i hånda i porten  slik besten hans og oldebesten hans hadde gjort før han. Det var han overbevist om.

Vi har gått ein lang veg som samfunn. Men eg har ein vond følelse av at vi er komen til vegs ende. Samfunnsutviklinga er satt i revers. Og vi er på full fart tilbake til det ulikhetssamfunnet som tippoldebesten og oldebesten min rømte frå. I OECD-området er Norge blant dei landa der den økonomiske ulikskapen dei siste åra har rauka raskast. Får denne utviklinga fortsetta komme det igjen til å bli «nok av folk i porten».

Foreldra våre og besteforeldra våre brukte 50 år på å bygga eit samfunn som tok vare på, og hadde plass til alle. No blir dette fantastiske byggverket, eit av dei beste, mest utvikla og mest vellykka samfunn verden har sett, demontert bit for bit: av Internasjonal storkapital, av EU-direktiv. Av våre eigne myndigheiter. Av vår eigen egoisme. Av oss sjølve.

Mitt håp for framtida er at vi skal slutta å la oss forleda av Kapitalens forførande popsongar og den neoliberale marsjmusikken som veltar inn over oss frå dei mektiges drønande jukeboksar og prøver å få oss til å gå i marsjtakt bort frå det gode samfunnet, bort frå det gode livet, som forfedrane våre klarte å forma, i dette «furete» og «værbitte» gråsteinslandet her langt mot nord.

Mitt håp for framtida er at vi, alle, politikarar som lekfolk, vil begynna å lytta meir til fagbevegelsens malmfulle, solidariske korsong, at vi vil lytta meir til den viljesterke og eigenrådige folketonen frå Distrikts-Norge, at vi vil lytta meir til den kvitrande, livsbejaande fuglesongen frå den vestnorske lauvskogen.

Mitt håp for framtida, er at vi, alle, vil høra meir til den viltre, forfriskande fosseduren frå Opo-elva.

Gratulera med dagen!  

Artikkeltags