Ho vil styrka elevar og lærlingar si stemme

Skal hjelpa deg: Sigrid Isdal gler seg til å ta fatt på oppgåvene som elev- og lærlingombod. – Terskelen for å ta kontakt skal vera låg, seier ho. Pressefoto

Skal hjelpa deg: Sigrid Isdal gler seg til å ta fatt på oppgåvene som elev- og lærlingombod. – Terskelen for å ta kontakt skal vera låg, seier ho. Pressefoto

Som siste fylkeskommune i landet har Hordaland no fått elev- og lærlingombod. Sigrid Isdal trur eit godt læringsmiljø er avgjerande for den vidare vegen inn i arbeidslivet.

DEL
<div id='netboard-1'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('netboard-1'); }); </script> </div>

Kun 49,- for 1 måned! Bli abonnent i dag!

– Om det er store eller små utfordringar det er snakk om, skal terskelen for å ta kontakt vera låg, seier det nye elev- og lærlingombodet, Sigrid Isdal.

Ho gler seg stort til å ta fatt på oppgåvene og har allereie planar om å besøka Odda og Hardanger i løpet av våren.

Det var tilbake i 2016 at Fylkestinget vedtok å oppretta stillinga. Arbeidsoppgåvene inneber mellom anna å gi råd og støtte til elevar og lærlingar i saker som gjeld opplæring, samt hjelpa dei med å løfta saker.

Mange er usikre

– Hovudfokuset vert å arbeida for at elevar og lærlingar får oppfylt rettane sine med tanke på dei lovar og forskrifter vi har. Eg ønskjer å få kontakt med både elevar og lærarar for å få vita meir om kva dei er opptekne av, seier ho.

Ho fortel at lærlingar mellom anna har rett til halvårssamtale og dokumentert intern opplæringsplan.

– Det som er litt synd, er at lærlingar ofte ikkje tar kontakt før mot slutten av lærlingperioden. Det er viktig å ta kontakt tidleg om ein skal gjera noko med det, seier ho.

Ombodet skal hjelpa den enkelte i vanskelege saker, samt medverka med råd og informasjon til dei som treng det.

Trygge og sjølvstendige

– Eg har alltid vore interessert i utdanningsfeltet, og synest det er spennande å arbeida med ungdom. Eit godt læringsmiljø er grunnlaget for elevar og lærlingar si faglege, men også sosiale utvikling. Dette er viktig for å skapa trygge, kreative og sjølvstendige ungdommar i skulen og i lærebedrifter, seier 38-åringen og legg til at eit godt læringsmiljø i denne fasen er avgjerande for den vidare vegen inn i arbeidslivet.

Sjølv har ho erfaring både frå yrkesfag, og høgare utdanning. Med fagbrev i kontor- og administrasjonsfaget, sosionomutdanning, og ein mastergrad i samfunnssikkerheit har ho god innsikt i kva det vil seia å vera elev og lærling. Isdal har i tillegg fleire års arbeidserfaring som rådgjevar på Fagopplæringskontoret. Ho har også vore karriererettleiar og sakshandsamar i NAV. Dei siste åra har ho arbeidd som HMS-rådgjevar.

Tar lærlingane på alvor

Leiar av utval for opplæring og helse i Hordaland, Emil Gadolin seier i ei pressemelding at dei er opptekne av at alle skal ha eit godt læringsmiljø.

– Dette har vi arbeidd for i fleire år og no får Hordaland endeleg på plass eit elev- og lærlingombod. Med dette viser vi at vi tar lærlingane og elevane sine rettar på alvor, seier han.

<div id='outstreamvideo'> <script> googletag.cmd.push(function() { googletag.display('outstreamvideo'); }); </script> </div>

Ei av kjernesakene til det nye ombodet er lærlingane og opplæringa som går føre seg ute i bedrift.

– Vi har mange flotte lærebedrifter som gir ungdom ein god start på arbeidslivet, men ikkje alle lærebedrifter har eit like godt system som er innanfor lovverket når det gjeld fagopplæring i bedrift, seier Isdal, som vil gjera sitt beste for å nå ut til alle elevar og lærlingar.

Samarbeid

Som elev- og lærlingombod kjem ho til å samarbeida tett med mobbeombodet i Hordaland. Ho vert også del av eit nasjonalt nettverk med elev- og lærlingombod frå andre fylke.

– Eg har allereie fått mange gode råd frå andre fylke. Spørsmål eg kan forventa meg handlar mellom anna om vurdering i fag, fråvær, forbetring av karakterar, ordensregelement, bytte av læreplass, løn, lovverk og korleis ein kan ta opp vanskelege spørsmål med læraren, avsluttar Isdal.

Artikkeltags