Mange lærlingar kjem raskt i jobb

ILLUSTRASJONSFOTO

ILLUSTRASJONSFOTO

Av

Tre av fire lærlingar som tek fagbrev har fått seg jobb året etter dei er ferdige med fagprøven, viser ferske tal.

DEL

Resultata kjem fram i ein ny statistikk frå Utdanningsdirektoratet som viser at 74 prosent av lærlingane som tok fagbrev i perioden 2017–2018, var i jobb året etter, fortel Kunnskapsdepartementet.

Kunnskaps- og integreringsminister Jan Tore Sanner (H) er glad for at så mange ungdommar med fagbrev kjem raskt i jobb. Ingenting tyder på at det vil endra seg, snarare tvert om.

– Fagarbeidarar er etterspurt arbeidskraft. Ifylgje SSB-tal, kan Noreg i 2035 mangla så mange som 100.000 fleire fagarbeidarar, seier Sanner.

Tala frå Utdanningsdirektoratet viser likevel at det varierer litt frå fylke til fylke kor mange fagutdanna som får seg arbeid, og kor mange som ikkje gjer det. Delen som kjem i jobb varierer frå 67 prosent i Møre og Romsdal til 80 prosent i Buskerud. Aust-Agder og Østfold toppar statistikken for fagutdanna som ikkje er komne i jobb. Her står 11 prosent av tidlegare lærlingar utanfor både utdanning og arbeid. I andre enden av skalaen finn vi Sogn og Fjordane der berre 5 prosent av lærlingane er i same situasjonen.

Artikkeltags