Lanserer «Glacier Road»: — Vegen til Folgefonna er ein attraksjon i seg sjølv

Jondal nasjonalparklandsby, Ullensvang kommune og reiselivsbedriftene rundt Folgefonna samarbeider om lanseringa av Glacier Road, som både skal fungere som ein paraply for informasjon om tilboda langs vegen og fremje vegen sjølv som ein eigen attraksjon.