Billig sauekjøt sel bra

SEL GODT NÅR PRISEN GÅR NED: For å unngå at kjøtet skulle gå ut på dato har Notura sett i gang pristilltak for å bli kvitt kjøtet. Det verka.

SEL GODT NÅR PRISEN GÅR NED: For å unngå at kjøtet skulle gå ut på dato har Notura sett i gang pristilltak for å bli kvitt kjøtet. Det verka. Foto:

Av

Prisen på 433 tonn sauekjøt på reguleringslager har blitt kraftig redusert, og no har nesten tre firedelar av kjøtet gått unna.

DEL

(Firda) Det er tre veker sidan Omsetningsrådet innførte ekstraordinære tiltak for å bli kvitt store mengder sauekjøt som var nær ved å gå ut på dato, skriv Nationen.

– Vi har så langt selt 315 av dei 433 tonna med sauekjøt, seier Ole Nikolai Skulberg, direktør i Nortura totalmarknad, som har ansvaret for marknadsreguleringa på kjøt frå sau og lam.

Dette har skjedd etter at engrosprisen på sau blei senka frå 24 kroner kiloen til ein kilopris på 12,50. Tapet for sauebøndene blir på rundt fem millionar kroner som følge av prisdumpinga.

Sidan nyttår har reguleringslageret dermed gått frå å ha 3.032 tonn saue- og lammekjøtt, til å ha 2.475 tonn i midten av februar.

Artikkeltags