Korpset i Herand ynskte å ha ein konsert for dei mange trufaste tilhengarane både i bygda og andre stader.

Sidan innandørs konsert er ikkje aktuelt nett no, måtte det verta ute, og sist laurdag stilte dei opp utanfor butikken. Dei frammøtte fekk eit variert musikalsk program, og som bestilt titta sola fram då "Vårsøg" vart framført.

Inne på butikken kunne ein få kjøpt pølse i brød og kake og kaffi. Utanfor spreidde lukta av nysteikte mjølkekaker frå Eikjetunet Lefsebakeri seg, og både bygdefolk og haustferiegjester kosa seg.

Å driva korps kostar, sjølv om aktiviteten er laber no i pandemi-tida. Herand Musikklag bestemte at dei ville prøva eit ull-lotteri for å få inn litt pengar. Mange fann fram strikkepinnane, og andre fann fram ullplagg dei hadde liggjande og gav til lotteriet.

Nokre butikkar gav ullprodukt. Her var sokkar både med og utan mønster, dei flottaste selbuvottane i ulike storleikar, pulsvottar, sitjeunderlag, luer, gensarar, buffar, bodyar, strømpebukser m.m. Alle dei fine gevinstane var utstilt på butikken, og det vart eit rekordstort loddsal.

Dei heldige vinnarane vart trekte like etter at konserten var avslutta.

Herand Musikklag er svært takknemlege for alle gevinstane, og takkar alle som kjøpte lodd!