Kystvakta på veg til Eidfjord

Foto:

Eidfjord er isolert av ras og uvêr. No er kystvakta på veg, og vil ha fleire avgangar med båt søndag.

DEL

Det fortel ordførar i Eidfjord, Anders Vatle, til HF laurdag kveld.

- Dei kjem i løpet av natta eller morgonen. Vi har informert innbyggarane via kommunen sin app om at vi planlegg i alle fall to turar i morgon, seier han.

Dersom Riksveg 7 ved Kyskredo ikkje opnar søndag, kjem dei til å varsle fleire turar i løpet av dagen.

– Turane går 8 og 11 frå cruisebåtkaia i Eidfjord til Brimnes ferjekai, med direkte retur, seier ordføraren.

Det var laurdag føremiddag at det gjekk eit stort snøskred på Riksveg 7 nær Eidfjord sentrum. Sidan har vegen vore stengt. Det er og stengt over Hardangervidda på grunn av uvêr.

Artikkeltags