Kvar sjette kyrkje trua av flaum og skred – graver kan bli skylde ut

ILLUSTRASJONSFOTO: Ullensvang kyrkje.

ILLUSTRASJONSFOTO: Ullensvang kyrkje. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

249 norske kyrkjer ligg i område med særleg risiko for jord- og flaumskred, ein risiko som aukar utover denne våren etter ein svært snørik vinter.

DEL

Ein fersk tilstandsrapport for kyrkjebygga til Den norske kyrkjaviser at 15,3 prosent av dei ligg innanfor det NVE (Noregs vassdrags- og energidirektorat) definerer som aktsemdssone for jord- og flaumskred. I denne sonen meiner NVA faren for flaum og leirskred er såpass stor at kommunen må gjennomføre ein detaljert risikoanalyse

– Store flaumar kan føre til at jord blir vaska ut, og det er sjølvsagt ekstra ille dersom dette skjer på ein gravplass, seier Cathrine Lillo-Stenberg i KA Arbeidsgiverorganisasjon for kirkelege verksemder til NTB.

Det er dei som står bak rapporten.

Den usedvanleg snørike vinteren i store delar av landet, gjer situasjonen i år spesiell. Allereie i starten av mars fastslo NVE at det ligg an til «ein ganske betydeleg flaum på Austlandet» ved rask snøsmelting. Viss det blir mykje nedbør samtidig, kan det bli mykje vatn.

Utsette daler

Av dei 249 kyrkjene som ligg i aktsemdssonen, har 206 av dei gravplassar.

– Særleg her er det viktig å gjere ei grundig risikovurdering no som flaumsesongen er på veg. Store flaumar kan føre til at jord blir vaska ut, og det er sjølvsagt ekstra ille dersom dette skjer på ein gravplass. Folk har eit sterkt forhold til gravplassane sine, og det er viktig å ta vare på desse, seier Lillo-Stenberg.

I tillegg til at jordmassar kan forskyvast og skyljast ut, kan det i verste fall gå som i 2013, då det var storflaum i Gudbrandsdalen i Oppland fylke.

Ved Hundorp i Sør-Fron kommune blei det då oppdaga beinrestar som var skylte fram av flaumvatnet. Hovudskallar og beinrestar som hadde lege tre meter under jorda, låg strødd i vegen på staden. Leivningane som kom til syne, stamma frå gravplassen til kyrkja som tidlegare låg på Listad.

Dei store mengdene smeltevatn kjem først når all snøen i fjellet begynner å smelte, og det skjer ikkje med det første, men Lillo-Stenberg ber dei ansvarlege vere budde.

Verst i Hedmark

Hedmark er fylket med flest utsette kyrkjer. Der ligg 29 kyrkjer innanfor aktsemdssonen, 27 av dei med gravplass rundt. Deretter følgjer Sogn og Fjordane, med 25 kyrkjer i sonen, 23 med gravplass.

Trøndelag, Møre og Romsdal, Hordaland, Vest-Agder og Telemark har alle 20 kyrkjer kvar i risikosonen. Av desse til saman 100 kyrkjene har 88 gravplassar.

Det er den enkelte kommune som har det formelle ansvaret for kriseberedskap ved flaum, men det er den lokale kyrkja – ved kyrkjeleg fellesråd – som forvaltar kyrkjebygga.

– Dersom ein har kyrkjer eller gravplassar i aktsemdssonen, bør det kyrkjelege fellesrådet gå i dialog med kommunen og forsikre seg om at dei er varetatt i beredskapsplanane, seier Lillo-Stenberg i KA.

(©NPK)

Artikkeltags