Rosendal får vinmonopol

Torsdag kunngjorde polet at det vil opna fem nye polutsal til neste år, det eine i Rosendal.

Torsdag kunngjorde polet at det vil opna fem nye polutsal til neste år, det eine i Rosendal. Foto:

Av

Til neste år kan fastbuande og turistar jubla over at det kjem vinmonopol til Rosendal.

DEL

Torsdag kunngjorde polet at det vil opna fem nye polutsal til neste år, det eine i Rosendal.

På polet sine nettsider står det føljande om etableringane på Sand og i Rosendal:

«Både Sand i Nord-Odal og Rosendal i Kvinnherad har tettsteder med mellom 140 og 150 millioner kroner i årlig detaljhandel. Rundt 4.000 mennesker sogner til begge disse stedene som også har godt med arbeidsplasser. Rosendal er i tillegg både knutepunkt og turistdestinasjon i Hardanger. Det er mellom 20 og 30 km til nærmeste vinmonopolbutikk for innbyggerne som sogner til disse stedene. Både Sand og Rosendal er steder i god utvikling, ny handel og boligbygging i sentrum er eksempler på slik aktivitet.»

Avisa Kvinnheringen har prøvd å få tak i Asbjørn Soltveit som år etter år har sendt brev på vegner av Rosendal Utvikling for å få på plass eit pol, men vi har ikkje lukkast å få tak i han i kveld.

Ordførar Peder Sjo Slettebø er særs nøgd med etableringa.

– Dette er ein gledas dag, og det er viktig at turistmålet Rosendal får pol. Dette er ei fjør i hatten for alle som har jobba for dette, og viser at det er ei positiv utvikling.

Kvar vinmonopolet skal lokaliserast er ikkje bestemt enno.

– Det blir ikkje på rådhuset, det er heilt sikkert, seier ordføraren til Kvinnheringen.

Artikkeltags