Vann journalistpris for kreftavisa

Dei fem Kvinnheringen-medarbeidarane som er til stades under vinterkonferansen i Haugesund i helga kunne laurdag kveld ta imot journalistprisen til Haugesund journalistlag for temaavisa om kreft. Frå venstre: Håvard Røyrvik, Jonn Karl Sætre, Mona Grønningen, Vidar Håland og Tomas Bruvik.

Dei fem Kvinnheringen-medarbeidarane som er til stades under vinterkonferansen i Haugesund i helga kunne laurdag kveld ta imot journalistprisen til Haugesund journalistlag for temaavisa om kreft. Frå venstre: Håvard Røyrvik, Jonn Karl Sætre, Mona Grønningen, Vidar Håland og Tomas Bruvik. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Det vart journalistpris og heiderleg fotoomtale til Kvinnheringen under Haugesund journalistlag sin vinterkonferanse laurdag.

DEL

Dette er dermed tredje året på rad at Kvinnheringen vinn Haugesund journalistlag sin journalistpris, denne gongen for temaavisa «Fuck Cancer». Førsteplassen er delt, i lag med saka «Tilfellet Halvorsen» av Haugesunds avis. Redaktør Tomas Bruvik er strålande fornøgd med at temaavisa om kreft, som kom ut februar i fjor, har fått ein slik heider.

- Dette er den avisa eg er mest stolt over at Kvinnheringen har laga nokon gong. Eg vil takka alle som stilte opp til intervju i denne sterke avisa, takk òg til lokalsamfunnet som var med og samla inn pengar til kreftaksjonen i samband med avisutgjevinga. Til saman fekk vi inn 120.000 til den gode saka, seier Bruvik på telefon frå Haugesund, der vinterkonferansen til journalistlaget blir arrangert denne helga.

-Kritisk nyhendedekning

Juryen skriv mellom anna dette om prisen:

«Eit bidrag utanom det vanlege og ei historisk prisutdeling. Aldri før har journalistprisen gått til ein heil redaksjon for ei heil avis. Alle blir berørte av kreft enten som pasient, pårørande, venn eller kollega. Gjennom sterke, triste, glade og informative intervju og reportasjar, gjer redaksjonen temaet kreft lettare å snakka om».

Juryen peikar òg på at kreftavisa førte til ei omfattande og kritisk nyhendedekning om korleis kommunen organiserer kreftomsorga.

I tillegg til sjølve journalistprisen vart det delt ut heiderlege omtalar: To til Sunnhordland, éin til NRK Rogaland og éin til Framtida.no.

I tillegg til journalistpris vert det delt ut videopris og fotopris under konferansen. Journalist Mona Grønningen i Kvinnheringen fekk heiderleg omtale for eit foto av rapparen Bjarne Trondsen. Paul Sommerfeldt frå Hnytt/TV Haugaland vann kategorien med eit foto av Erna Solberg. Sunnhordland sin Marius Knutsen fekk òg heiderleg omtale i fotokategorien. 

Artikkeltags