Dette var siste dropen som fekk styreleiaren i Folgefonnsenteret til å trekka seg

– Den viktigaste årsaka er at vi ikkje har klart å spela godt nok på lag, seier Knut Førland om styrearbeidet i Folgefonnsenteret.

– Den viktigaste årsaka er at vi ikkje har klart å spela godt nok på lag, seier Knut Førland om styrearbeidet i Folgefonnsenteret. Foto:

Av

I fleire år jobba Knut Førland med realiseringa av Folgefonnsenteret, før han i november 2018 ikkje orka meir.

DEL

– Eg er samfunnsengasjert. Då eg flytta til Kvinnherad i 2005 høyrde eg om prosjektet og engasjerte meg i det, fortel Knut Førland til avisa Kvinnheringen.

Han har vore aktiv i Folgefonnsenteret frå 2005 til 2012, bortsett frå ein kort periode. Han kom inn som styreleiar igjen i 2016, men trekte seg etter manglande samhandling i styret i oktober 2018.

Folgefonnsenteret er ein ideell og sjølveigande institusjon som vart skipa av kommunane Jondal, Ullensvang, Odda, Etne og Kvinnherad i tillegg til Universitetet i Bergen.

I styret sit mellom anna Elisabeth Wesenlund Hauge og Roald Aga Haug frå Odda og Kåre Grønsnes frå Ullensvang.

– Eg har hatt mange styreverv opp gjennom åra, men styrevervet i Stiftinga Folgefonnsenteret er nok det mest krevjande eg har hatt. Det er mange aktørar å ta omsyn til, og det har ikkje vore lett, seier Førland.

Siste dropen

Han legg til at det å jobba med fagmiljø som Bjerknessenteret og Havforskningsinstituttet har vore inspirerande. Likevel, til slutt blei det så vanskeleg at både Førland og nestleiar Sigrid Brattabø Handegard trekte seg frå styret i stiftinga.

I ein e-postkorrespondanse avisa Kvinnheringen har fått innsyn i, kjem det klart fram at manglande samhandling og konfliktar i styret var grunnen til avgjerda til Handegard og Førland: «I ein krevjande fase for Folgefonnsenteret er ikkje dette noko vi gjer med lett hjarta, men vi ser diverre inga anna løysing. Avgjerda vår byggjer på manglande samhandling og forhold i styret over tid», skriv dei til styret 8. november 2018.

– Eg ønskjer ikkje å gå inn på enkeltpersonar, men det har vore spenningar i styret og manglande samhandling i nokre viktige saker, seier Førland.

Den siste dropen var då ei skisse til finansieringsplan blei sendt til ordførar i Kvinnherad Peder Sjo Slettebø i slutten av oktober 2018 frå ein av styremedlemane, før saka var ferdig handsama i styret.

Mindre enn to år etter opninga slit Folgefonnsenteret med å få nok betalande besøkande, som igjen går utover økonomien. Styret hadde budsjettert med 700.000 kroner i billettinntekter i 2018. Det kom ikkje inn meir enn 237.000.

– Kva er hovudgrunnen til at de ikkje har klart å utnytta potensialet?

– Den viktigaste årsaka er at vi ikkje har klart å spela godt nok på lag. Vi har hatt ein del utfordringar som har gått på bekostning av styringsfart og retning, svarer Førland.

– Både potensialet og utgangspunktet for senteret burde vore at dette skulle vera noko som var veldig kjekt å jobba med, men det har vi dessverre ikkje lukkast med. Til slutt blei det så vanskeleg, at eg og Sigrid Brattabø Handegard trekte oss.

Handegard fortel sjølv at styret ikkje var eit kollegium.

– Eg opplevde ikkje at styret opptredde samla og jobba i fellesskap.

Den viktigaste mangelen

1. september 2011 blei eit forprosjekt til Folgefonnsenteret vedtatt. Det sette det verkelege realiseringsarbeidet i gang. Dette forprosjektet var Knut Førland prosjektleiar for i perioden 2009 til 2011.

– Vi var entusiastiske og fekk gode tilbakemeldingar då vi jobba med det første prosjektet frå 2005 til 2009. Men grunna manglande finansiering blei ikkje prosjektet vedtatt den gongen. Likevel vedtok kommunestyret at ei privat arbeidsgruppe skulle vidareføra arbeidet, seier Førland.

Samstundes som finansieringa ikkje var på plass, mangla prosjektet noko essensielt – ein sentral innhaldsaktør. Men medan kommunestyret stemte forslaget ned, var Førland i kontakt med Bjerknessenteret om å gå inn som innhaldsaktør i Folgefonnsenteret.

– Begge partar syntest ei viktig brikke no var på plass, og det ville vore synd å skrinlegga prosjektet etter så mange år.

Førland tok kontakt med Sunnhordland Kraftlag (SKL) og Sparebanken Vest, og etablerte ei privat prosjektgruppe.

– I starten arbeidde eg med dette parallelt som dagleg leiar i iDrift. Men då dette utvikla seg og blei så spennande, gjekk eg over som prosjektleiar på fulltid frå januar 2011.

Endra raskt visjonen

Førland såg potensialet i samarbeidet med Bjerknessenteret og Universitetet i Bergen, og ein visjon om eit fyrtårn innan kunnskapsformidling og forsking begynte å danna seg. Då ein mykje omtalt samarbeidsavtale mellom Bjerknessenteret og Folgefonnsenteret blei publisert i januar 2010, var det eit gjennombrot for prosjektet.

– Dører opna seg, og andre aktørar kom på banen og støtta prosjektet, seier Førland.

I intensjonsavtalen var Bjerknessenteret ein sentral del av Folgefonnsenteret, og lova å bidra med mykje, så lenge senteret blei som forprosjektet skildra.

– Eg blei overraska då kommunen tok over prosjektet etter kommunestyrevedtaket. Vi var inne i ein positiv prosess, og eg trur Folgefonnsenteret ville blitt realisert raskare dersom det hadde halde fram med å vera i privat regi, i samarbeid med Kvinnherad kommune, seier Førland.

Dåverande Ap-politikar, Arve Opsanger, tok over som prosjektleiar.

– Ting blei endra. Vi såg føre oss at senteret skulle ligga i eit eige bygg, noko som ville gitt meir fleksibilitet. Samstundes kom Havforskningsinstituttet og Miljødirektoratet inn som ein tung fagaktør, og ting endra seg endå meir, seier Førland.

Blei kasta som prosjektleiar

Frå prosjektet hamna i kommunal regi i 2012, til Førland blei styreleiar i september 2016, veit han ikkje mykje om prosessen.

– Han blei prosjektleiar og ville ikkje ha meg med på laget.

Arve Opsanger svarer at prosjektet som leverte sluttrapport i 2011 var eit privat prosjekt som var organisert med styringsgruppe og prosjektgruppe.

– Etter valet i 2011 tok Kvinnherad kommune over ansvaret for realiseringa av Folgefonnsenteret saman med bidragsytarar. Det var naturleg at det private prosjektet blei avslutta med kommunestyrebehandlinga av sluttrapporten. Det blei valt ei anna organisering av det vidare prosjektarbeidet, med ei styringsgruppe som naturleg blei samansett av representantar for fagleg innhald, økonomiske bidrag og Kvinnherad kommune, seier Opsanger.

Vurderte å trekka seg

I perioden etter at kommunen tok over prosjektet har det vore fleire saker som har omtalt at Bjerknessenteret ikkje lenger er sikker på om det vil vera ein del av Folgefonnsenteret. Førland trur grunnen var usemje:

– Folgefonnsenteret blei eit litt anna senter enn det som var utgangspunktet då Bjerknessenteret skreiv under på intensjonsavtalen. Då eg kom inn igjen som styreleiar hausten 2016, opplevde eg usemje mellom Bjerknessenteret og Havforskningsinstituttet om blant anna innhaldsdelen, vegval og korleis utstillingane skulle vera, seier Førland.

Dårleg styring

Ein av grunnane til usemje og spenningar mellom dei to aktørane, var mangel på prosjektleiing, meiner Førland.

– Det var utfordringar i denne fasen. Ein klarte ikkje å få på plass ein prosjektleiar for utstillingane, det verka som ein liksom ikkje ville ha det.

Han meiner det er uheldig for Folgefonnsenteret, og trur ein hadde fått endå betre utstillingar, og meir kontroll på kostnadar med ein prosjektleiar. Samstundes peiker Førland på at Marit Elisebet Totland brått slutta som styreleiar sommaren 2016. Det var etter at ho gav seg Førland kom inn i bildet igjen.

– Ein av tinga eg angrar på som styreleiar, er at eg ikkje kravde at det skulle vera ein prosjektleiar for utstillingane. At eg vidareførte ei uformell styring på arbeidet med utstillingane, må eg ta sjølvkritikk for.

Fekk ikkje nok pengar

Det var denne «uformelle» styringa på utstillingane som førte til lånet på seks millionar kroner. Lånet som igjen førte til at ein rådmann måtte gå, og at senteret sin økonomi framleis er skral.

– Det er snakk om eit forskotslån. Vi hadde som målsetjing å få inn pengar eksternt som skulle fullfinansiera utstillinga og betala ned lånet. Men trass i fleire søknadar fekk vi ikkje nok pengar, seier Førland.

Sjølv om både Bjerknessenteret og Havforskningsinstituttet bidrog med rundt 1,5 millionar kroner kvar, var det ikkje nok.

– Det var mindre kostnadsfokus enn det burde vore, og det har skapt utfordringar i ettertid. Besøkstala er ein god del lågare enn venta, og senteret har eit stort lån relatert til utstillinga som er utfordrande for økonomien.

Konfliktane øydela

Som om ikkje eit uhandterbart lån var nok for senteret, blei det også ein storm rundt Folgefonnsenteret, Havforskningsinstituttet og Eide Fjordbruk sin visningskonsesjon for oppdrett i opningsåret. Og dette var berre det ålmenta fekk lesa om i avisene. Internt i styret var det også friske brisar. Dette førte til slutt til at Førland trekte seg frå heile senteret. Likevel er han ikkje heilt framand for at han ein gong kan arbeida med Folgefonnsenteret igjen.

– Kanskje om dei rette føresetnadane er på plass, men då må alle partar vera einige om vegen vidare.

Artikkeltags