Årets lokalavis 2018

Kvinnheringen-jubel under prisutdelinga. F.v. Håvard Røyrvik, Tomas Bruvik, Thoko Sithole, Merete Lillesand, Mona Grønningen og Vidar Håland.

Kvinnheringen-jubel under prisutdelinga. F.v. Håvard Røyrvik, Tomas Bruvik, Thoko Sithole, Merete Lillesand, Mona Grønningen og Vidar Håland. Foto:

Det vart prisdryss på Kvinnheringen laurdag kveld.

DEL

Den gjeve prisen «Årets lokalavis 2018» vart delt ut på Landslaget for lokalaviser (LLA) sitt landsmøte i Drammen laurdag kveld.
Juryen uttalar blant anna at «vinnaravisa vel ut gode saker, har tydelege prioriteringar og er ikkje redde for å gi seg i kast med vanskelege og store tema. Kvinnheringen skil seg også positivt ut visuelt. Avisa lagar nyhende med spanande og lekker grafisk utforming. (...) Avisa er betre på nett enn dei andre finalistane. Kvinnheringen veks digitalt, men også dei har litt å gå på for å nytte moglegheitene på nettet. Samtidig har dei siste året frigjort tid til å eksperimentere, og mellom anna laga ein lokal realityserie som gav avisa 160 nye digitale abonnentar. Også på andre måtar har juryen lagt merke til at medarbeidarane i avisa drar lasset saman. Dei gjer også eit framifrå marknads- og salsarbeid. Kvinnheringen er flink til å byggje relasjonar i lokalmiljøet og avisa er gode både på lim og lupe».

Lokalavis-juryen delte ut heiderlige omtalar til Dølen og Strandbuen.

Pris for sterk framside

Artikkeltags