Galleri G Guddal: Opnar til påske

Landskap: Lasse Berntzen stiller ut akvarell og grafikk  når Galleri G Guddal opnar sesongen til påske.

Landskap: Lasse Berntzen stiller ut akvarell og grafikk når Galleri G Guddal opnar sesongen til påske.

Klar for ny kunstsesong? Galleri G Guddal inviterer til sesongopning 13. april.

DEL

Lasse Berntzen inntek galleriveggane med akvarell og grafikk, og Leif Hedman syner skulpturar i Stallen i tunet. Dei vert ståande gjennom heile sesongen, medan Berntzen sin kunst heng til 5. mai.

Lasse Bertnzen sin separatutstilling, har tittel Prospekt. Bergensaren er masterutdanna bildekunstnar og designar og har mellom anna bakgrunn som førsteamanuensis/Associate Professor i designteori ved Universitetet i Bergen, som designsjef i Festspillene i Bergen, og som dagleg leiar i det fleirfaglege arkitektur- og designstudioet Fuggibaggi as i Bergen.

Leif Hedman visar frittståande skulpturar i metall. Utstillinga vil skifta og slik syna litt av breidda hans, melder galleriet. I dei to siste månadane av fjoråret kunne publikum sjå ein skultptur laga spesielt for det vesle rommet i steinhuset. No kjem fleire som publikum kan sikra seg for eigen heim. Nokre av dei skal han laga i eldhuset i tunet i Guddal.

Sørlendingen Hedman som har busett seg på Fitjar, er utdanna smed og har master frå Kunsthøgskolen i Oslo. Han har og jobba med tre, men no stort sett med metall, gjerne gjenbruk av skrapmetall.

På opningsdagen vert det musikk ved Lasse Berntzen og Jazzverket, og galleributikken byr som vanleg på fristingar.

Artikkeltags