Aarvik til Eidfjord

Kunstnar: Hans Olav Aarvik foreviga med eit måleri i 2013.

Kunstnar: Hans Olav Aarvik foreviga med eit måleri i 2013.

Artikkelen er over 3 år gammel

Torsdag 24. august opnar Hans Olav Aarvik utstilling i Galleri Bergslien.

DEL

Kunstnaren frå Lofthus går no fyrste året av studiet Bachelor in fine art (BFA) ved Kunsthøgskolen i Oslo, og har tidlegare gått på Kunstskulen i Kabelvåg. Aarvik jobbar i fleire media men har hovudfokus på måleri.

På heimesida til Galleri Bergslien står det at han mellom anna arbeidar med tematikkar som identitet/identitetsteknologi/kopiar, fantasy-sjangeren og funksjon/dysfunksjon.

Då han var Årest ungdomsutstillar i Agatunet i 2015, sa han mellom anna:

«I dei nyaste måleria mine har eg gått meir inn i meg sjølv. Dei er refleksjonar rundt mi oppleving av verda. Eg baserer dei kun på skisser og har fokusert meir på romma og landskapa rundt menneska. Eg vil delvis gi ei oppleving på sjåarens premissar, istadenfor at sjåaren opplever kun på mine».

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken