Gå til sidens hovedinnhold

Kunstfagelevane ved Ullensvang kulturskule viser elevarbeid laga dette skuleåret

Ditt Hardanger

(Ditt Hardanger): Forrige veke opna kulturskulen ei elevutstilling på Litteraturhuset. Då Vilde Helene Takla tok imot sitt Drømmestipend 31. mai, blei 4 flotte bilde frå hennar produksjon utstilte i lag med utvalde elevarbeid frå kulturskulen. Nå har utstillinga blitt komplett!

Utruleg kjekt å krydre ei slik opning med flott musikkinnslag frå Solomiya og Nazar Romanyshyn.

Johild Mæland, kunstfaglærar, kunne fortelje litt om korleis ein har arbeidd gjennom året: elevane har teikna med blyant, kolstift og kontè. Måleria er utført i akryl på lerret spent opp på blindrammer eller målarplater. Ein har jobba med form, flater, linjer, proporsjonar, lys, skugge, komposisjon, valør og kolør.

Kurset har vektlagt å teikna og male etter konkrete motiv. Ein har brukt seg sjølv og kvarandre som modellar til fleire av oppgåvene. I tillegg til praktiske øvingar har ein også vektlagt å samtala om visuelle uttrykk og relatere det til kunsthistorie. Kombinasjon praktiske oppgåver og teori har som mål å gjera elevane medviten i bruk av visuelle verkemiddel innanfor todimensjonale arbeid, og korleis dette kan gje rom for eigne ytringar.

Undervisninga er til vanleg innandørs, men ein undervisningsdag på våren har me friluftsmåling. I år vart det i museumstunet på Utne og musehagen i Folgefonngata i Odda. Begge dagane med nokolunde bra ver. Resultatet frå desse to målardagane kan sjåast i utstillinga.

I vinter utlyste Odda kunstforretning ein malekonkuranse for barn der temaet var postkort frå Ullensvang. Fleire av elevane på kunstfag deltok og to av dei fekk premie.

Norsk kulturskuleråd gir kvart år ut kalender med bilde av elevar. For andre år på rad vart ein av våre elevar plukka ut til å få sitt måleri med. Stor stas!

Namn på utstillarane: Birgul Rammo, Julie Vikne Sæterdal, Ruxanda Movileanu, Sofia Movileanu, Ørjan Marius Aga Haugen, Tony Nguyen Hansen, Ida Christine Rosenvold, Solomiya Romayshyn, Selma Sæterdal, Norid Olsson Bleie, Sara T. Reisæter, Guro T. Reisæter, Tilde Lyssand Aga, Hanne-Jorid Eitrheim, Ronja Eitrheim Hjørnevik, Anna-Margrete Emmerhoff Grønsnes, Marla Patricia Schöttke, Sara Hammer, Liva Lindskog-Aanderaa, Olav-Andreas Bakke og Leah Oline Samland.

Kommentarer til denne saken