Ein kunstmanifestasjon

Ingunn van Etten: Må nok ha livbåt.

Ingunn van Etten: Må nok ha livbåt.

Artikkelen er over 2 år gammel

Kunst frå Hardanger vert synt i Odda i helga. Fredag og laurdag vil publikum møta kunst og kunstnarar mest overalt i bybiletet; ute og inne.

DEL

– Dette er ein manifestasjon av kunst i og frå Hardanger, seier Anne Gullbjørg Digranes, filmskapar, forfattar og medlem i gruppa som administrerer kunsthelga ODDArT. Initiativet er Harding Puls sitt, kunstnarorganisasjonen med medlemmar, både lokale og tilflytta, innan ei rad kunstformer.

Om lag 20 av dei deltek på denne helga; eit sjeldsynt høve til å møta samtidskunst- og kunstnarar. Her vert biletkunst i ulike former, tekstil, smykkekunst, objekt og installasjonar, opplesing og konsertar. Mykje er programfesta, men det kan og skje noko heilt plutseleg – som eit pop opp-stunt. Dessutan skjer det litt av kvart i eit telt i Gågata.

Fredag 25. og laurdag 26. august kan du oppleva kunst, beundra kunst, få innføring i ulike teknikkar, undra deg over kunst og handla kunst i Odda. Du kan og vera med på kunst- og kulturdebatt i Litteraturhuset – og ta del i kunstvandring med guide. Kurator Kjell Erik Ruud, som driv HardingarT på Utne, tek den oppgåva.

Stiller ut i butikkar

ODDArT er eit samarbeid mellom Hardanger kunstlag, Harding Puls, Odda kunstforening, Odda kommune og Odda By.

– Huseigarar og forretningsdrivande har vore positive til at me stiller ut kunst i lokala deira, fortel Digranes.

Frå gata kan du sjå både biletkunst og film, og går du inn, dukkar det kan hende opp meir.

Det har vore bra interesse for å vera med på ODDArT, og fleire melde seg etter tidsfristen.

– Det lovar godt for eit nytt ODDArT. Me håpar at dette kan bli ein årleg manifestasjon, seier Digranes.

Vil ha permanent galleri

Initiativtakarane ser for seg at ein ved seinare kunsthelger kan ha fleire aktivitetar og tilbod – også i fjordbygdene utover og «dalstroka innanfor».

Eitt mål med ODDArT er på sikt å få eit permanent galleri i Odda. Hardanger har fostra mange kunstnarar – og mange har late seg inspirera av natur og landskap her. Også i dag søker kunstnarar til Hardanger – og regionen fostrar sjølv mange gode innan ulike kunstuttrykk.

Som ei knoppskyting av ODDArT med etablerte kunstnarar på plakaten, har Odda invitert unge til kunstprosjektet ALT ER LOV! Resultatet av seks timar med kunstnar Leander Djønne vert vist fredag.

– Spanande prosjekt, både ALT ER LOV! og ODDArT, slår Digranes fast.

Artikkeltags