Zilver Neckless flyttar

May Helen Bleie, som driv Zilver Neckless.

May Helen Bleie, som driv Zilver Neckless.

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

May Helen Bleie, som driv Zilver Neckless, opplyser i ei pressemelding at dei snart kjem inn i nye lokalar.

«Dessverre må Zilver Neckless melda om at dei nye lokala i DnB bygget, ikkje eigna seg for produksjonsfasen Zilver Neckless er i no. Zilver Neckless kjem i nye lokaler så snart som mogleg, og vil ta på seg alt av smykkereperasjonar, takst/verdivurdering, gravering, omsmelting m.m. når nye lokaler er klargjort for sal og verkstad», heiter det i meldinga.

May Helen Bleie, som nyleg ga ut ein blueskolleksjon, skal snart gi ut sin nye kolleksjon. Det skjer under Litteratursymposiet i Odda.

Kolleksjonen «Fjord, fjell, fonn og faen siste huske eg ikkje» vil bli solgt på Lindeplassen under litteratursymposiet», opplyser Bleie.

Zilver Neckless er inntil vidare «headhunta» til gjesteopptreden på Gullsmio på Bømlo.

Artikkeltags