Kunsten til kunstskuleelevar på fellesutstilling på Oseania i Os

SJÅ HER! Kulturskuleutstillinga i Os har og med bilde frå Hardanger. Her er Ullensvang sine bidrag.

SJÅ HER! Kulturskuleutstillinga i Os har og med bilde frå Hardanger. Her er Ullensvang sine bidrag.

Artikkelen er over 2 år gammel

Dei fekk ei utfordring på slutten av semesteret, elevane til Johild Mæland på kurset i teikning og måling.

DEL

No er resultatet med på stor fellesutstilling på Oseania kunst- og kultursenter i Os med dei 12 kulturskular i Hordaland som har tilbod innan visuell kunst. Utstillinga har fått namnet Sjå her! og tel 400 utstillarar.

– Det er eit spanande prosjekt og kjekt å sjå kva andre gjer, seier Anita Måge, ein av dei vaksne elevane.

Ho gjekk på kurset førre semester og, og tek gjerne eitt til om tilbodet kjem i haust.

– Det er kjempekjekt. Problemet er at det vert for lite tid til å ta fram målarsakene heime.

– Elevane er både flinke og tolmodige. Eg må seia at borna imponerer. Alle har gått inn i prosessane, lært å blanda fargar – og dei har vore flinke til å dela med kvarandre, seier Mæland.

Ho har ein visjon å dela; gje grunnkunnskap i fargelære og komposisjon, gje råd og få elevane til å bruka kvarandre, dele kunnskap og gi råd.

Ulike verk

– Det var litt vanskeleg i starten. Ein er jo redd at tilbakemeldingar kan verta oppfatta som kritikk. No er me trygge på kvarandre, og det er godt å høyra synspunkt og få innspel på bilde frå dei andre som óg går i lære, fortel Måge.

Nokre av elevane er med for fyrste gong, andre har erfaring.

– Eg håpar alle får utbytte av opplegget. Og eg ser det som ein føremon om folk er på ulike nivå. Det er kjekt å ha noko å strekkja seg etter, seier Mæland som gav dei ei utfordring om identitet til fellesutstillinga: Korleis vil du framstilla deg sjølv?

Det har gitt svært ulike verk. Anita har måla seg sjølv framom skykkja på garden og med ein eplekasse i nevane.

– Kvifor det motivet?

– Eg er gartnar og bur på gard, ler ho, og legg til: – Det var lett tilgjengeleg motiv. Eg kunne måla inn både landskap, sau og frukttre, men det var ikkje plass. Og så er eg så glad i den veggen.

Utstillinga opna laurdag, og står til 28. mai, så ein må vera rask om ein vil ha ho med seg.

Artikkeltags