Vil styrka kompetansen

Gravhaug på Apold: Tidlegare byantikvar i Odda, Jorunn Monrad,  har revidert og oppgradert kulturminneplan for Odda. Ho viser til at det er viktig å ta vare på kulturminne, både som dokumentasjon på det som har vore, som identitet - og som attraksjonar. Dessutan at det er økonomisk lønsamt.

Gravhaug på Apold: Tidlegare byantikvar i Odda, Jorunn Monrad, har revidert og oppgradert kulturminneplan for Odda. Ho viser til at det er viktig å ta vare på kulturminne, både som dokumentasjon på det som har vore, som identitet - og som attraksjonar. Dessutan at det er økonomisk lønsamt. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Riksantivaren vil styrka kommunal kulturminnekompetanse, og tilbyr økonomisk støtte.

DEL

Riksantikvaren  konstaterer at mange kommunar melder om tidsmessige avvik, men at planen for mange er å rullera og vedta i løpet av 2017.

Det gjeld for både Ullensvang og Jondal. Odda har nett vedteke Kulturminneplan for 2017-2022, medan Eidfjord er i startgropa  for temaplan.

Prioritering

Det er ei kjensgjerning at det for mange er eit spørsmål om kapasitet og ressursar - og dermed prioritering. Kulturminneplanar vert laga som kommunedelplan, tema- eller sektorplan eller  som innbaka del av kommuneplanen.  Eidfjord og Odda har  øyremerkte stillingar som  kultursjef.

Riksantikvaren inviterer fylkeskommunane til å initiera til samarbeid for styrka kommunal kulturminnekompetanse, og vil ha eit kunnskapsløft for kulturminneforvaltinga.

«Kommunene har et stort ansvar og er svært viktige for god forvaltning av kulturminner. Dette krever kompetanse, innsikt i lokalhistorien og kunnskap om kulturminnene. Mange kommuner mangler gode oversikter over sine verneverdige kulturminner», skriv Riksantikvaren i invitasjonen. 

Satsing mot 2020

Satsinga går fram til 2020 og  eit viktig tiltak er at kommunane utarbeider  kulturminneplanar som vert politisk vedtekne. Dette er verkty  og kan bidra til å auka merksemd og kunnskap kring kulturminna.

Riksantivaren vil ha kommunale kulturminne på dagsorden, og tilbyr økonomisk støtte  på inntil 100 000 kroner til kvar kommune -  på visse kriterier.

Om fylkeskommunar kan få til samarbeid mellom kommunar (og andre aktørar) - kompetansemodellar - kan dei få inntil 200 000 kroner i tilskot frå Riksantikvaren, under føresetnad av budsjettmiddel. Her må det vera snakk om langsiktig samarbeid -  og visse kriterie må også her ligga til grunn.

Det er og høve til å søka middel til andre modellar som vil styrka kommunane sin kulturminnekompetanse.

I år er det hundre år sidan det fyrste samiske landsmøtet, og Riksantikvaren  oppmodar kommunane til å ha særleg fokus på samiske kulturminne - og  å inkludera kulturminne knytt til nasjonale minoritetar.

Travelt

Indre Hardanger får det travelt på kulturplanfronten. Jondal kommune skal rullera sin «kommunedelplan for kulturminne 2009-2020» i år. I gjeldande plan slår dei fast at kulturminne er ein ikkje-fornybar ressurs, og syner til  ei rad kulturminne - inkludert  kulturlandskap, faste og lause fornminne, maritime kulturminne og handlingsboren kunnskap på fleire felt. Også den immaterielle kulturarven vert peika på. 

I Ullensvang skal plan gjeldande frå 2000-2012 også opp for rullering i år. Administrasjonen hadde nyleg møte om saka.

I 2011 kom ei nedsett gruppe med overordna visjon for kulturlivet  i Ullensvang. Mellom anna  vart det slått fast at heradet «skal ha eit kulturtilbod som gjer heradet til ein attraktiv stad å bu»,  og at kulturminna skal verta forvalta som dokumentasjon av fortida og som ressurs for framtida.

Det vert mellom anna peika på at ein skal arbeida for å realisera nasjonalt jordskiftesenter på Aga, kartlegga og ta vare på mellomaldergravsteinar, bruka biblioteka som kunnskapsbase og formidlar av kulturminne - og å sikra kyrkjebygningane.

Eidfjord har ny kulturminneplan på agendaen (gjeldande er frå 1987) og har fått midlar frå Riksantikvaren til arbeidet.  

Kulturminneplanane er reiskap for dei som skal forvalta, men og kunnskapsbase for interesserte i kulturarv. Planane kan og gi innbyggarar og tilreisande tips til     oppdagingsferd og tematurar i nærmiljøet.

Artikkeltags