Harmonisk villskap på Utne

Foto: Tomas Sjøen

Foto: Tomas Sjøen

Søndag 3. mars er det konsert med Susanne Lundeng Trio på Hardanger folkemuseum, Utne.

DEL

Våren 2018 kom Susanne Lundeng ut med sitt tiande album, «Det va nære på», til terningkast 5 frå eit samla norsk pressekorps. Søndag kveld spelar ho på Utne.

«Susanne Lundeng sin musikk er ei ukonvensjonell blanding av tradisjonell folkemusikk og moderne samtidsuttrykk, som denne gongen vert presentert i trioformat», står det i pressemeldinga frå folkemuseet.

Susanne Lundeng Trio er: Susanne Lundeng – fele og vokal, Nils-Olav Johansen – gitar og vokal, Erik Nylander – trommer. Tor Breivik – lyd.

Lundeng kjem frå Bodø og er ei av dei mest meritterte folkemusikarane i Noreg, og kanskje den fremste eksponenten for nordnorsk folkemusikk. Ho har ei sterk forankring i nordnorsk tradisjonsmusikk, og med dette i botnen er ho heller ikkje framand for å henta impulsar frå andre sjangrar.

«Musikken til Susanne Lundeng Trio vert omtalt som drivande melankolsk, nedtona, sår og stormfull – ein harmonisk villskap som i kombinasjon med Susanne Lundeng sine ekspressive og energiske sceneopptredenar får publikum til å skjerpa sansane», skriv Hardanger folkemuseum.

Artikkeltags