Livsprosjektet

Pressefoto

Pressefoto

Hadle Reisæter vil setta opp ei førestilling kvart 15. år for å finna svar på mellom anna dette: Kjem han til å halda fast i den radikale verdsforståinga?

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 uker

– Når dette blir sett opp er eg 30 år, og framleis relativt ung og radikal. Kjem eg til å bli lat og konservativ som 60-åring, slik som mange av våre foreldre?

Det seier skodespelar Hadle Reisæter frå Ullensvang, som har fått tildelt 550.000 kroner frå kulturrådet for sitt sceneprosjekt «Kapital 1».

– Det er eit monologprosjekt, der eg tar utgangspunkt i Stig Sæterbakken sin roman Kapital, fortel Reisæter.

Vil til Odda

Romanen handlar om ein kjøpmann som arvar ein kolonial av sin far. Kolonialen er full i gjeld, og han kjempar heile livet mot denne gjelda. Til slutt blir han slått konkurs, og i prosessen bestemmer han seg for å setta fyr på alt. Tematikken dreier seg rundt det økonomiske systemet der dei som har mykje får meir, og dei som har lite kjempar. Hovudpersonen føler seg urettferdig behandla av systemet. Sjølve produksjonen vil starta om først eit år, sannsynlegvis med premiere i Skien, etterfølgd av førestillingar i Bergen og Stavanger.

– Og så vil me sjå på moglegheita for å setta opp førestillingar også i Odda sjølvsagt, seier Reisæter.

Utvikling

Det er han som eig prosjektet, men han har fått med seg det han beskriv som eit «nydeleg lite stjernelag» med lysdesignar, scenograf og komponist.

– Tanken etter kvart er at me skal gjera det same prosjektet kvart femtande år, for å spegla rettferdsforståinga hjå meg sjølv, men også hjå samfunnet elles, fortel Reisæter.

Han er interessert i å finna ut korleis han i ulike aldrar stiller seg til tematikken i stykket.

– Eg vil også sjå på korleis samfunnet utviklar seg når det gjeld forståinga av økonomisk ulikskap. Så kan det bli ulikt frå gong til gong. Neste gong kan det bli spørsmål om det framleis skal vera ein monolog, eller om ein skal ta inn andre skodespelarar. Det er også mange andre openberre tekstmoglegheiter her, som til dømes Kapitalen av Karl Marx, seier han.

Motiverte kvarandre

Prosjektet er noko Reisæter har drøymt om å setta opp lenge, men det var med hjelp frå skodespelarkollega Sigmund Njøs Hovind ved Den Nationale Scene i Bergen at han kom skikkeleg i gang.

– Han hadde sitt eige monologprosjekt som han ville begynna på, og me gjekk i lag og sa at no skal me pressa kvarandre. Me har hatt to visingar på DNS der me har framført utdrag og hatt publikumssamtalar etterpå. Det er responsen derfrå som har gjort at eg har forstått at det er noko eg kan og har lyst til å gå vidare med, fortel Reisæter.

Spelte i kyrkjer

Etter at den unge skodespelaren gjekk ut frå teaterhøgskulen i 2013, har han vore med i ei rekke stykke ved DNS, mellom anna Hellemyrsfolket og Tonje Glimmerdal. Det siste han var med i var Teater Ibsen si oppsetting av «Brand», der han spelte fogden. Dette var ei spesiell oppleving, då førestillinga berre vart sett opp i kyrkjer.

– Det var kjempegøy. Me hadde ei førestilling i kvar kyrkje, der alle er ulike til dømes med tanke på storleik, så spelestilen gjekk frå å vera små kammerspel til å bli spel med store gestar og langsam tale så alle skulle høyra kva me sa. Det var ei spennande utfordring som eg er glad eg fekk vera med på, seier han.

Artikkeltags