Far og son ror på fjordturné - torsdag er dei på Jåstad

Kvitanesen: Torbjørn Ljones.pressefoto

Kvitanesen: Torbjørn Ljones.pressefoto

Artikkelen er over 1 år gammel

Kvitanesen og son kjem snart til ein stad nær deg. 19. juli kan du oppleva dei i grendahuset på Jåstad.

DEL

Kvitanesen, Torbjørn Ljones, fortel og får musikalsk tonefylgje av sonen Andreas på fele.

Dei startar i Ulvik og skal varma opp for Åse Kleveland med band 14. juli. Derifrå går ferda med robåt utover til Strandebarm der dei skal vitja Kinck-tunet til Johan Storm Munch.

Så skal dei kryssa fjorden og runda neset med kurs for Jåstad grendahus.

De to skal vidare til Ringøy der dei tek inn hjå Toralv Mikkelsen og co, som held til i idylliske omgjevnader i vasskanten.

Dermed er det høve for mange til å høyra og oppleva dette roande radarparet.

I skreppa har dei med «litt flytande eple, bøker, feler og fløyter», skriv sjølvaste Kvitanesen om prosjektet.

Det er ikkje fyrste gong han og sonen tek årene fatt. Far har i fleire år begeistra fulle hus med sine humoristiske historier. Son akkompagnerer - og ror i takt.

Mange let seg begeistra av tekstane til Kvitanesen, og hans måte å skildra livet i bygdene og opplevingar her på. Det vert kan hende høve til å kjøpa dei mellom permer - og uansett oppleve dei med opphavsmannen sjølv - med musikk.

Artikkeltags