Meistermøte på folkemuseet

Kirsten Bråten Berg

Kirsten Bråten Berg Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Laurdag 10. februar kjem Kirsten Bråten Berg og Per Anders Buen Garnås til konsertscena på Hardanger folkemuseum.

DEL

«Kirsten Bråten Berg er ein bauta i norsk folkemusikkmiljø! Med solid forankring i sin heimlege vokaltradisjon, har sørlendingen også kryssa sjangrar og nådd eit nasjonalt publikum. Ho har medverka på ei rekkje plateutgjevingar, tre av dei lønna med Spellemannprisen - blant desse soloalbumet «Min kvedarlund» frå 1993», står det i ei pressemelding frå Hardager Folkemuseum.

Per Anders Buen Garnås byrja å spela hardingfele i 6-årsalderen, inspirert av onklane Hauk og Knut Buen.

«Han har elles gått i lære hjå og lete seg inspirere av mange gode spelemenn innanfor ulike tradisjonar - da særleg i Telemark», opplyser arrangøren.

Konsertane på Hardanger folkemuseum vert arrangert i samarbeid med Hardanger folkemusikksamling og med støtte frå Norsk kulturråd.

Arrangøren gjer folk merksam på at konserten er flytta frå fredag til laurdag.

Artikkeltags