Tuva vann Norske Talenter

Norske Talenter, Photograph Edouard Claes Truedsson

Norske Talenter, Photograph Edouard Claes Truedsson Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

Dommarane var fulle av lovord etter at Tuva framførte «I Will Always Love You».

DEL

- Det er heilt uvirkelig! Eg skjønne ingenting, seier det store talentet sjølv.

Tuva Lutro var bland dei tre som fekk aller flest stemmer i Norske Talenter, og til slutt stod det mellom oddingen og Bergen Shanty.

Jubelen stod i taket då programleiar Solveig Kloppen avslørte at 13-åringen er vinnaren!

- Då eg høyrde Tuva varma opp i garderoben før sending visste eg at der hadde vi vinnaren! For makan til talent! Tuva er heilt spesiell! Eg har trudd på Tuva frå første gang eg høyrte ho, og var ikkje i tvil då eg trykka på gullknappen, seier Mia Gundersen til HF etter finalen.

Tuva i finalen av Norske Talenter.

Tuva i finalen av Norske Talenter. Foto:

Ganske nøyaktig to år etter at Tuva trollbandt publikum i Hovden på 17. mai med klassikaren «I will always love you», framførte ho den same i finalen av Norske Talenter.

- Du fortene 100 prosent å stå her i dag, var Mia Gundersen sin kommentar etter at Tuva hadde framført sitt bidrag i finalen.

Det var Gundersen som gav 13-åringen gullknappen, og rogalendingen sa at detta var fult fortjent.

- Eg veit du kjem til å nå langt, meiner ho.

Mona Berntsen trakk fram at Tuva sin første audition var betre enn bidraget i semifinalen, men sa at songen i finalen var fantastisk.

- Eg håper at folk heima røyster! Du er heilt fantastisk, sa dansaren.

Bjarne Brøndbo hadde brukt gullknappen då Tuva var på audition, men sa at han hadde gitt den om han kunne den gangen.  Han var nøgd med 13-åringen sin innsats i finalen.

- Tuva, dette var heilt sjukt! Eg hadde gåsehud over absolutt alt, summerte Janne Formo.

Fredag kveld konkurrerte ho på direktesendt TV, og møtte mellom anna talent innan tangodans til rubiks kube-triks.

- Tuva virker veldig rolig og er superproff på scenen, sa Gunn Gravdal Elton som er backstage i Oslo, på førehand.

– Eg føler meg allereie som ein vinnar, sidan eg har komme til finalen. Om eg ikkje vinn, så elskar eg framleis musikk og song, og vil halda fram med det uansett. Men det er klart, det er freistande med dei 500.000 kronene, sa Tuva til HF tidlegare.

Les meir her: Tuva er klar for finalen: – Denne gongen har eg prøvd å slappa litt meir av

I tillegg til ein heiagjeng på fleire titals hardingar i salen, er det sjølvsagt mange heima som heiar på stortalentet. 

Her er heiagjengen på veg inn.

Her er heiagjengen på veg inn. Foto:

I Tyssedal er det mellom anna sett opp storskjerm.

Artikkeltags