Inviterer til kurs i skautafelling

Vil du fella Skaut? Magna Hauso og Alis Soldal Bjotveit er mellom eldsjelene som no inviterer til kurs i det raudlista handverket skautafelling. Arkivfoto: Mette Bleken

Vil du fella Skaut? Magna Hauso og Alis Soldal Bjotveit er mellom eldsjelene som no inviterer til kurs i det raudlista handverket skautafelling. Arkivfoto: Mette Bleken

Artikkelen er over 2 år gammel

– Me er korkje profesjonelle eller utlærte. Langt i frå, men me har øvd oss ei stund og vil gjerne dele det me no kan med dei som vil freista læra seg det raudlista handverket.

DEL

Det seier Agnete Sivertsen, ei av fem som i lengre tid har øvd seg i felleteknikken med tradisjonar fleire hundre år attende. Eit omstendeleg arbeid der tolmodet vert sett på prøve - og nøyaktigheit er naudsynt dyd om resultatet skal verta brukande.

No inviterer eldsjelene til to helgekurs på folkemuseet på Utne, med noko attåt, i von om at handverket vinn nye eldsjeler som vil føra handverkstradisjonen vidare.

Kvinner i Hardanger har nytta felte/plisserte skaut like tilbake til 1600-talet, og teknikken har heile vegen vore spesialistarbeid. No er bruk av skaut til bunaden så smått på veg inn att, men utan nokon som kan fella (og skauta), vert det snart slutt på skautakoner.

– Få har meistra teknikken til fulle, og den einaste skautafelleren me har, har pensjonert seg, fortel Sivertsen og slår fast at det er på høg tid at handverket kjem over på nye hender.

Det har lenge lyst raudt for teknikken, men eldsjeler gjer no sitt for å redda handverket.

Prosjekt kulturarv

Hardanger folkemuseum, Folgefonn husflidslag og Ringøy og Bu bygdekvinnelag står bak redningsprosjektet. Fem eldsjeler har over ein periode no øvd seg – og fått tak i høveleg tekstil og utstyr for å lukkast.

Rett nok er ikkje den korrekte stivelsen heilt i boks enno – det er mindre etterspurnad etter felte skaut og pipekragar no for tida – men det dei har fått tak i er godt nok til å øva seg med, forsikrar Sivertsen.

Moglegvis må dei få hjelp av kjemikarar for å få blanda inn det blå som gjer at skautet vert kritande kvitt, og ikkje gråleg.

To helgar i mars (11.-12. og 18.-19.) er sette av til kurs. For dei som har lang reiseveg, er det overnattingsmoglegheiter eit steinkast unna.

Ein av museet sine handverkarar lagar fellebrett og gjer klar spiler. Dei som vil handla med for å øva meir og perfeksjonera seg, kan kjøpa med utstyr.

Skautafelling: Eit kvadratisk stykke tøy vert smurd med risstivelse. Ein legg skautet på eit felebrett og nyttar to tynne spiler til å laga dei om lag 200 faldane i skautet.

Sidan turkar ein skautet i ein omn.

Artikkeltags