Går inn for å vidareføra bokbåten

Av

Utval for kultur, idrett og regional utvikling i Hordaland går inn for å forlengja avtalen med bokbåten Epos i eige fylke ut året. Samtidig går utvalet inn for å greia ut utviding av bokbåttenesta til heile Vestland fylke.

DEL

Tilrådinga er i samsvar med tilrådinga frå fylkesrådmannen i Hordaland som tidlegare har rådd til at bokbåttenesta i Vestland fylke blir tema i samband med budsjettet for 2020.

Les også: No kastar båten loss: Kjem til både Herand, Tyssedal og Lofthus

Sogn og Fjordane avvikla for tre og eitt halvt år sidan avtalen med bokbåten, men fylkesrådmannen i Hordaland peikar i utgreiinga si på at mobile bibliotektenester er viktig for å sikra eit likeverdig bibliotektilbod til innbyggjarane i det nye storfylket.

Saka går no vidare til fylkesutvalet i Hordaland som skal behandla saka 28. mars.

Artikkeltags