Tom Roger Aadland på Sentralbadet

Til Ddda: Tom Roger Aadland.

Til Ddda: Tom Roger Aadland. Foto:

Rockepoeten Tom Roger Aadland kjem torsdag til Sentralbadet Litteraturhus i Odda med Bob Dylan på nynorsk og eigne, kritikarroste låtar i kofferten.

DEL

«Han har gjendikta Bob Dylan til strålande kritikkar, og blitt omtala som «ein tekstforfattar av stort format».», står det i ei pressemelding.

Nyleg gav han ut konsertalbumet «Live i Oslo Konserthus» til flotte kritikkar. Også albumet «Songfugl» (2018) fekk ei strålande mottaking. Aadland har samarbeidd med fleire forfattarar, og skreiv musikk til tittelmelodien då Kjartan Fløgstad gav ut songboka «Songharpesongar» i fjor.

Hausten 2016 – berre nokre veker før Bob Dylan fekk Nobelprisen i litteratur – gav Aadland ut albumet «Blondt i blondt» (Dylans meisterverk «Blonde on Blonde» gjendikta). Plata blei rost opp i skyene av kritikarane og kåra til Årets Album av NRK P1 Norsk på norsk.

Same år var han mannen bak mange av tekstane på Hellbillies’ albumsuksess «Søvnlaus». Aadland blei lagt merke til då han gav ut «Blod på spora» (2009) – ei nynorsk gjendikting av Dylans «Blood on the Tracks». Opningssporet «Vikla inn i blått» («Tangled Up in Blue») blei kåra til ein av tidenes beste norske coverlåtar. Han har i alt gitt ut sju album.

«Det er med andre ord mykje å sjå fram til når Tom Roger Aadland besøker Sentralbadet litteraturhus torsdag 21. november», står det i pressemeldinga.

Artikkeltags