Opnar sesongen med grafikk og emaljesmykke

Sesongopning: Galleri G Guddal opnar sesongen i morgon. Mellom anna med Camila Prytz-kunst.

Sesongopning: Galleri G Guddal opnar sesongen i morgon. Mellom anna med Camila Prytz-kunst.

Artikkelen er over 1 år gammel

Galleri G. Guddal i Rosendal opnar sesongen laurdag med grafikk og emaljesmykke. Bjarne Melgaard, Sverre Bjertnes, Kjell Nupen og Camilla Prytz stiller ut i galleriets 25. sesong.

DEL

Melgaard og Bjertnæs har samarbeidt om utstillinga «Noe må gå i stykker», der begge jobbar i eitt og same bilde. Totalt 34 etsingar, monotypiar og silketrykk er med, samt mange handkolorerte trykk. Bildene byggjer på felles interesse for litteratur, og den norske forfattaren Stig Sæterbakken (1966 – 2012) har vore inspirasjonen.

Kjell Nupen (1955 – 2014) sine bilde har vore viste fleire gonger i Galleri G Guddal, sist med stor utstilling i 2015. Denne gongen har galleriet fått 20 motiv frå samlinga som er igjen etter han. Inkludert «Forgotten memory», med sertifisert signatur - og den typiske Nupenblåfargen.

Camilla Prytz viser smykke i sølv og emalje. Den forrige utstillinga hennar i galleriet var i 2005 med smykke og fat i sølv og glas. Prytz starta som glaskunstnar, men har gått meir og meir over til smykke og er i dag ein av dei store smykkekunstnarane i Norge.

Galleriet innvier nye serveringslokale i låven i morgon. Utstillinga står til 13. mai.

Artikkeltags